RAFAEL VILLEN FORLENGER MED OS FOTBALL!

Rafael Villen Villen er klar for to nye år i gult og svart!

Rafael Villen Villen har sidan han kom til Os Fotball i juni 2015 vore ein sentral og viktig spelar for A-laget. Han har blant anna i årets sesong vore svært toneangivende for at A-laget klarte å rykke direkte opp igjen til 3.divisjon, og han blei kåra til årets spelar i 4.div av Hordalandsfotballen. Spanjolen blei også kjapt ein favoritt for mange på Kuventræ, både for sine ferdigheter på bana, men også sin positive, vennlege og sprudlande personlighet. No har den fotballsmarte og godt likte midtbanespelaren signert for to nye år med klubben.

«Eg er veldig glad for å ha signert ein ny avtale med Os Fotball. Eg har funnet ein riktig plass med gode folk rundt meg for å utvikle meg som spelar og som person, så eg kunne ikkje vore meir nøgd! Det vil bli veldig gøy på Kuventræ i årene som kjem», seier Rafael Villen. 

Hovudtrenar Endre Brenne er også godt nøgd med at Rafael forlenger med klubben.

«Eg er veldig glad for at Rafael er med vidare i to nye år. Han er ein meget god fotballspelar og eit flott menneske som bryr seg om alle rundt seg!»

Me gler oss til fleire tekniske finesser, geniale pasninger og mål frå «Rafa» i åra som kjem!

Godt år, kjære Os Fotball-vener!

Rafael Villen (t.v) hadde mykje å juble for i 2018. Her med sin nye hovudtrenar Endre Brenne (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy).