Pris for årets pensjonisttiltak og ambasadørklubb for Eat Move Sleep!

Eat, Move, Sleep-ambassadør i 2018

Os fotball har også i år blitt valt ut som ambasadørklubb for Eat Move Sleep, noko me er stolte og takknemlege for! Blant over hundre søkjarar er det 37 klubbar som i 2018 får tildelt dette vervet i Noreg.
Eat Move Sleep er ein nasjonal offensiv for å oppnå betre folkehelse, iverksatt av Norges Fotballforbund, Eat Initiative og Bama Gruppen AS. Det er eit konsept som set fokus på heilheita av det som skaper sunnheit, god helse og livskvalitet for oss menneske; nemleg kombinasjonen av kosthald, fysisk aktivitet og søvn.
I helga var det kick off på Ullevaal stadion for alle klubbane. Det var eit variert og inspirerende program, med bl.a innlegg fra Per Joar Hansen fra herrelandslaget, Isabell Herlovsen fra damelandslaget og Steinar Mundal, landslagstrenar for skiskytterjentene.

Per Joar Hansen frå herrelandslaget.

Landslagstrenar for skiskytterjentene, Steinar Mundal.

Pris for årets pensjonisttiltak!

Os fotball blei framheva for sin innsats retta mot samarbeid med dei eldre i kommunen, og fekk prisen for årets pensjonisttiltak.

Representantane frå Os fotball reiser i dag tilbake og er motiverte, inspirerte og klare for planlegging av cuphelga 1.-3. juni.

Os sine representantar på Eat Move Sleep sitt Kick Off i Oslo!

Isabell Herlovsen representerte damelandslaget.