Portrettintervju med Ann Josefin Olafsen Bakke, ei rå dame!

Ann Josefin Olafsen Bakke er noko litt utanom det vanlige. Ho er ei rå og lærevillig dame som verkeleg brenn for Os Fotball. Ann Josefin er trenar for fleire lag i klubben og trenar blant anna J8 saman med mannen sin, og er med som ein av fleire trenarar for G13.
– Forskjellen på desse gruppene er ikkje nødvendigvis kjønn, heller alder, seier Ann Josefin. Ho informerer om at det kan vere utfordrande å hoppe fra den eine gruppa, til den andre. Ho seier at tålmodigheten får testa seg litt meir med jentene, enn med gutane og at med jentene er det meir detaljstyring. Men gutane er ganske ukonsentrerte periodevis, dei og, forsikrar ho.
Ann Josefin var også med å starte eit trenarforum for alle trenarar 6-12 år som er blitt særs godt motteke. Trenarforum er ein felles plattform for trenerar, der dei i blant møtast for å utveksle idear og metodar.

Vi fekk prate litt med Ann Josefin om korleis ho syns det er å vere fotballtrenar for nokon av Os-laga.

Fotballtrening med J8

Du har ein UEFA C-lisens, kva vil det sei for dei som ikkje nødvendigvis snakkar fotball- og trenarspråket?
Det betyr at eg har tatt ei trenarutdanning, som eg tok i vinter. Det består av fire bolker på ca. 18 timer kvar, som fotballforbundet arrangerer. Når du har fullført alle dei, så er du kvalifisert for C-lisens. Då er eg utdanna til å trena barn og unge opp til 16 år.

Korleis er det å vere kvinnelig trenar på ein mannsdominert plattform?
Det er veldig kjekt. Eg er sjukepleier til vanleg, som er veldig kvinnedominert, så det er ganske deilig å komma her på banen med guttaboys. Og så elsker eg fotball, det hjelper jo. Det er utrulig givande.
Vi trenge fleire damertrenarar. Det er kjempegøy og det er ikkje noko å kvi seg for. Vi kan vere vel så gode trenarar. Det går litt på sjølvtillit.

Korleis var mottakelsen som trenar i Os Turn?
Endre Brenne har dratt meg inn i varmen. Erfaringsmessig, då eg har vore på kurs, så har det vore 17-18 menn og meg. Halvparten pleier å vere sånn «kult, dametrener!» mens resten sit med armane i kross. Du må jobba litt for å visa at du kan noko om fotball, då slepp dei deg inn i varmen gradvis. Det har ikkje vore så gale her i Os, men du må fortsatt jobba deg litt inn.

Er det viktig å ha trenarutdanning for å vera trenar, spesielt for unge utøvera?
For meg handler det om at eg føler meg mykje tryggare. Eg har lært mykje på dei kursa, så eg har mykje å spele på. Kunnskap gjer trygghet, rett og slett. Då har eg ein plan for treninga og gjer ikkje noko eg berre drar ut ifra topplokket der og då.

Kvifor er du trenar?
Eg har jo fira barn. Han eldste er 16 og der har eg berre vore på sidelinja og elska å sjå på når dei speler fotball. Elsker jo fotball, sånn i utganspunktet. Spesielt lokalfotball, sånn som du ser live. Eg er ikkje sånn Champions League-dame.
Når barn nummer to begynte hadde eg lyst å blande meg, så då begynte eg med det. Der ifra har det berre balla på seg. Heile familien er engasjert. Dei får lov å driva på med noko anna viss dei vil, men det er mykje fotball.
Eg spelte mykje fotball i ungdommen. Eg kjem i frå Tysnes som ikkje er så veldig stor plass. Det var stort sett korps og fotball å velga mellom, så då var det ganske lett å velga fotball. Etter mange år vekke ifrå fotballen, så syns eg det er kjempekjekt å ta det opp igjen no.

Kva trur du har forma deg til den trenaren du er i dag?
Ein blanding av å vere firebarnsmor og sjukepleiar der eg jobba som leder og har litt ledererfaring ifra. Eg er veldig glad i fotball og i godt humør. Eg prøver å sjå positivt på livet.

Kva det beste med å vere trenar?
Sånn generelt, så er det når eg ser at vi har fått til ting som vi gjer på trening, når laget speler fotball. Og så er det fint når ungane har det kjekt, og det har dei når dei får ting til.

 

Ann Josefin saman med J8