Poengdeling mot serieleiarane!

 

Vegard Strønen Skeie rydda unna mot robuste serieleiarar (Foto: Hordalandsfotball, Odd Løvset).

Det blei ein tett og tøff kamp for herrelaget mot serieleiarane Djerv 1919 på Kuventræ. Kampen enda målløst og med poengdeling!

Høyr korleis Endre Brenne oppsummerte kampen i intervju med Lurifax Support.

Os – Djerv 1919: 0 – 0
12.serierunde i Norsk Tipping-ligaen

Lagoppstilling Os:
Chris Sunde Midtun – Anders Havsgård, Vegard Strønen Skeie, Rune Åsheim Mo, Harry James Moore (Fabian Bødtker) – Rafael Villen (Jonas Fagerbakke Hovland), Marius Mikkelsen, Steffen Kvamsdal – Torgeir Lunde (Sander Fagerbakke Kvittingen), Roger Blokhus Ekeland, Mats Cato Moldskred.

Dagens osing: Torgeir Lunde

Publikum likte det Torgeir Lunde leverte før han måtte forlate banen med skade. Han blei belønna med dagens osing og middag for to på Havnechefen (Foto: Os & Fusaposten).

Tøffe dueller (Foto: Hordalandsfotball, Odd Løvset).