Påmelding til FFO 2021/2022!

Os Fotball si fotballfritidsordning (FFO) er eit tilbod etter skuletid med leksehjelp, mat før og etter trening, samt fotballtrening med kompetente trenarar. I førarsetet er trivsel og samhald – me har det knakande kjekt!

Påmeldingslink: https://www.superinvite.no/#/invitation/4990974d150d0de5e6e15a1454fe6b0f

Som Telenor Xtra-klubb, tilbyr Os Fotball skulefritidstilbodet Telenor Xtra FFO for 2.-6.klassingar, samt FFO Akademi for 7.-10. klasse, måndag til fredag. På FFO er det fokus på fysisk aktivitet, kosthald og leksehjelp. På fotballfritidsordninga vår får borna leksehjelp av utdanna pedagogar, mat før og etter trening, samt ei kvalitetstrening med utdanna fotballtrenarar. 

Det blir lagt opp til varierte aktivitetar med fokus på motorisk utvikling, utvikling av ballferdigheiter, trivsel og samhald. Me ynskjer å stimulere til livslang fotball- og bevegelsesglede, samt eit sterkt tilhøyr i eit trygt og inkluderande miljø. 

På FFO er me opptekne av å utvikle heile mennesket og ha fokus på gode og sunne haldningar. Me ynskjer å bidra til gode vaner gjennom vektlegging av kosthald, hygiene, lekser, folkeskikk og eigentrening. Alle på FFO skriv under på Haldningskontrakt Os Fotball. 

Leik og sosialt samvær før trening – bordtennis, biljard, fotballspel og mykje anna gøy!
Deltakarane får mat før trening og av og til er det taco som er på menyen – det er alltid ein slager!

KVEN OG KORTI?

Os Fotball FFO og SPV Os Akademiet for born i 2.- til 10.klasse. 
Måndag: 4 – 6.klasse. 
Tysdag: 2 – 4. klasse.
Onsdag: 5 – 7.klasse.
Torsdag: 2. – 3.klasse. 
Fredag: 7. – 10.klasse. 

På SPV Os Akademiet har ein tilbod om morgontreninger og helgesamlinger i tillegg (sjå eigen påmelding).

Våre pedagogiske stikkord på FFO er:
– Sjå og bli sett.
– Inkludér og bli inkludert.
– Fair play.
– Medbestemming.

Fokusområder i treningsarbeidet:
– Pasningsferdigheiter og bevegelse etter pasning («Pass and Move»).
– 1 vs 1 ferdigheiter offensivt og defensivt.
– Orienteringsevne. Kva skjer før, når og etter ein har ball?
– Utvikle bevegelseskompetanse (hurtigheit, balanse, koordinasjon og kjernemuskulatur).

Med jamne mellomrom er det stor spenning med bingo og anna moro før trening!

KORLEIS ER EIN VANLEG DAG PÅ FFO?

Kl. 12.30 – 14.00: Henting, leksehjelp, sosialt samvær (brettspel, leik, anna aktivitet osb.)

Kl. 14.00 – 14.30: Måltid (kald/varm mat). Alternativ mat til born med allergiar.

Kl. 14.30 – 15.45: Treningsøkt. Fokus: meistring for alle!

Kl. 15.45 – 16.30: Restitusjonsmåltid (frukt og yoghurt). Henting frå foreldre. Takk for i dag! 

Praktisk informasjon:

MÅNADSPRIS:
1. dag i veka: 750,- (+ 50,- for henting) i mnd.
2. dagar i veka : 1300,- (+ 50,- for henting) i mnd.

Opningstid: Kl. 12.30 – 16.30. 

Henting: Me henter på Os barneskule, Borgafjell barneskule, Os ung.skule, Lunde barneskule, Søfteland barneskule, Halhjem barneskule, Nore Neset ung.skule og Lysekloster barneskule. 

Oppseiingstid: 1 mnd. Bindande påmelding.

Utstyr: Alle på FFO får tilbod om å kjøpe utstyrspakke frå Telenor til ein eigenandel på 100,-

FFO FYLGJER SKULERUTA TIL BJØRNAFJORDEN KOMMUNE. 

Vi bruker systemet superinvite til påmelding og betaling for at dette skal bli enklere for både spillere, foreldre og oss i administrasjonen. Her melder du på borna og betaler med eit visa eller kredittkort. Videre betaler/trekkes du samme sum automatisk kvar måned frå det kortet du har lagt inn. 

Spørsmål kan sendes til marius@osfotball.no eller tlf: 477 09 118!

VELKOMMEN TIL OS FOTBALL SIN FFO-FAMILIE!

I treningsarbeidet er me i tillegg til å utvikle balllerdigheter, oppteken av å utvikle bevegelseskompetansen.
Og skadeførebyggande trening!