Påmelding SPV Os Akademiet 2021/2022!

SPV Os Fotball Akademiet er eit ekstra fotballtilbod for ivrige ungdommer i alderen 7.-10. klasse i samarbeid med Sparebanken Vest!

Påmelding: https://www.superinvite.no/#/invitation/8e5e15c4e6d09c8333a17843461041a9

Kva er SPV Os Akademiet?
Formålet med tilbodet er å gje ungdom med stor treningsiver og motivasjon i ungdomsskulealder moglegheit til å trene meir og betre med eit kvalitetssikra og godt fotballtilbod utenom fellestreningar. Me ynskjer å bygge ein «toppidrettskultur» på Kuventræ og samtidig utvikle flest mogleg til eigne A-lag og vidare på høgare nivå. Det Det er mange unge lovande jenter og gutar på veg opp, og fleire av akademi-spelarane våre har gjennom åra vore på krets og nasjonale tiltak.

SPV Os Fotball Akademiet er også meir enn fotball. I tillegg til å utvikle dei tekniske og taktiske ferdigheitane til spelarane ynskjer me å vektlegge det fysiske og mentale. Me vil nytte oss av kompetanse frå andre idretter og ressurspersoner.

Tradisjon tru gjennomfører akademiet fleire treningshelger gjennom året. Dei siste åra har me reist til Strandebarm som har gjeve godt sportsleg og sosialt utbytte, samt gjennomført gode samlinger på Kuventræ! I tillegg til eit utviklande treningsmiljø har me stort fokus på samhold og vennskap. I 2021/2022 planlegges fleire turer!

Fokusområder i trening:
Fysisk:
– Hurtigheit – agility.
– Skadeforebyggende trening.
– Bevegelighet – koordinasjon – balanse.

Teknisk/taktisk:
– Utvikle funksjonell og hurtig teknikk – godt fyrste touch.
– Kva skjer før, under og etter ball? Persepsjon og val som angriper.
– Press og gjennvinning – intensitet og tempo. Sentralt i alt treningsarbeidet.

Mentalt:
– Eierskap til eigen utvikling.
– Tilstedeværelse, fokus og energi i treningsarbeidet!

KVEN OG KORTI?

SPV Os Fotball Akademiet: 7.- 10. klasse.
– Morgontrening 0630-0745 (dag er ikkje bestemt enda) 
– Fredag ettermiddag: Trening kl. 1500-1630. 
– Annakvar søndag kl. 1800-1930. 

GENERELL INFORMASJON

MÅNADSPRIS:
Fredag: 400 kr. pr.mnd. 
Fredag+søndag: 600 kr pr.mnd.
Morgenøkt+Fredag 700 kr.pr.mnd. 
Morgenøkt, fredag og søndag 800 kr.pr.mnd. 

Transport:
– Transport til skulen etter morgontrening.
– Henting på skulen på fredager.
– Søndag må ein ordne transport sjølv.

Oppseiingstid: 1 mnd. Bindande påmelding.

SPV Os Fotball Akademiet FYLGJER SKULERUTA TIL BJØRNAFJORDEN KOMMUNE.

VELKOMMEN!