PÅMELDING OPEN TIL NESTE ÅRS TELENOR XTRA FFO!

Nok eit FFO år er no over og me kan sjå tilbake på det beste, største og mest innhaldsrike nokonsinne! Godt over 100 born frå heile kommunen har deltatt 4 ganger i veka og aktivitetsnivået har vært skyhøgt frå start til slutt!

Påmeldinga til neste års FFO er no open og dersom du ynskjer sikre plass må ein være snar ute!
Link til påmelding:


https://www.superinvite.no/#/invitation/320755112b6d9e248ce1c26e1fcf534b

Os Fotball si fotballfritidsordning (FFO) er eit tilbod etter skuletid med leksehjelp, mat før og etter trening samt fotballtrening med kompetente trenarar. I førarsetet er trivsel og samhald!

Sjå film her: https://www.youtube.com/watch?v=5mYuZWJZBMA

KVA ER FFO?

Som Telenor Xtra-klubb, tilbyr Os Fotball skulefritidstilbodet Telenor Xtra FFO for 2.-6.klassingar, mandag-torsdag. Mandag og onsdag er for 4-6.klasse og tirsdag og torsdag er for 2-3.klasse.

På FFO er det fokus på fysisk aktivitet, kosthald og leksehjelp. På fotballfritidsordninga vår får barna leksehjelp av utdanna pedagogar, mat før og etter trening samt ei kvalitetstrening med utdanna fotballtrenarar.

Det blir lagt opp til varierte aktivitetar med fokus på motorisk utvikling, utvikling av ballferdigheiter, trivsel og samhald. Me ynskjer å stimulere til livslang fotball- og bevegelsesglede, samt eit sterkt tilhøyr i eit trygt og inkluderande miljø.

På FFO er me opptekne av å utvikle heile mennesket og ha fokus på gode og sunne haldningar. Me ynskjer å bidra til gode vaner gjennom vektlegging av kosthald, hygiene, lekser, folkeskikk og eigentrening. Alle på FFO skriv under på Haldningskontrakt Os Fotball.

Våre pedagogiske stikkord på FFO er:

– Sjå og bli sett.

– Inkludér og bli inkludert.

– Fair play.

– Medbestemming.

Fokusområder i treningsarbeidet:

– Pasningsferdigheiter og bevegelse etter pasning («Pass and Move»).

– 1 vs 1 ferdigheiter offensivt og defensivt.

– Orienteringsevne. Kva skjer før, når og etter ein har ball?

– Utvikle bevegelseskompetanse (hurtigheit, balanse, koordinasjon og kjernemuskulatur).

Telenor Xtra er eit samarbeid mellom Telenor og Norges Fotballforbund som ein kan lese meir om på Norges Fotballforbund sine nettsider: telenorxtra_brosjyre-web.