Bli med på Os Fotball Akademiet!

Os Akademiet er eit ekstratilbod for alle ivrige fotballspelarar i 8. til 10. klasse i samarbeid med Sparebanken Vest! 

Me er strålande nøgd med Akademiåret 2018/2019 som har vist godt samhold og stor utvikling. Formålet med tilbodet er å gje ungdom i ungdomsskulealder (født i 2004-2006) med stor treningsiver og motivasjon moglegheit til å trene meir og betre med eit kvalitetssikra og godt fotballtilbod utenom fellestreningar. Me ynskjer å bygge ein «toppidrettskultur» på Kuventræ og samtidig utvikle flest mogleg til eigne A-lag og vidare på høgare nivå. Det er mange unge lovande på veg opp og fleire av akademi-spelarane våre har gjennom året vore på krets og nasjonale tiltak.

Os Akademiet er også meir enn berre fotball. I tillegg til å utvikle dei tekniske og taktiske ferdigheitane til spelarane ynskjer me å vektlegge det fysiske og mentale. Me vil nytte oss av kompetanse frå andre idretter og ressurspersoner på Akademiet. Det blir blant anna yoga-timer med Os Yoga, hurtigheitstreningar med landslagstrener i friidrett, foredrag med Olympiatoppen og andre sterke ressurspersonar i krets og forbund, teambuildingstur til Strandebarm, samt mykje anna moro!

Påmelding: https://www.superinvite.no/#/invitation/154f596a0e4aec4cf23ee4b76ae3d34a

Praktisk informasjon

Treningsdager:
– Onsdag: morgontrening kl. 06.45 – 08.00.
– Fredag: ettermiddag kl. 14.45 – 16.15.
– Søndag: kl. 17.00 – 18.30 (etter sesong, fyrste helga i november)

Måltid:
– Felles frukost etter onsdagsøkta.
– Mat før og etter fredagsøkta.

Akademiet følgjer skuleruta. Oppstart onsdag 21.august. (fri fellesferier og helligdager).

Transport:
– Transport til skulen etter morgontrening på onsdager.
– Henting på skulen på fredager.
– Søndag må ein ordne transport sjølv.

Teambuildingstur til Strandebarm:
– Laurdag 24. august kl. 10.00 – 17.00.
– Dobbel treningsøkt
– Sosialt samvær/konkurranser.

Fokusområder i trening:
Fysisk:
– Hurtigheit – agility.
– Skadeforebyggende trening.
– Bevegelighet – koordinasjon – balanse.

Teknisk/taktisk:
– Utvikle funksjonell og hurtig teknikk – godt fyrste touch.
– Kva skjer før, under og etter ball? Persepsjon og val som angriper.
– Press og gjennvinning – intensitet og tempo. Sentralt i alt treningsarbeidet.

Mentalt:
– Eierskap til eigen utvikling.
– Tilstedeværelse, fokus og energi i treningsarbeidet!

Les meir her: Os Fotball Akademi haust 2019

VELKOMMEN TIL OS FOTBALL SPV AKADEMIET 2019/2020!