Bli med på Bjørnafjorden Supersundag 17.mars – heilt gratis!

Me inviterer alle som vil til gratisarrangementet Bjørnafjorden supersundag, sundag 17.mars kl. 14-17 på Kuventræ!

Det blir ein artig dag med leik og moro, ferdighetstrening, sosialt samvær og teori med Eat Move Sleep, samt sunn og god servering av frukt og grønt. Kva er vel betre enn det på ein sundag?

Ta med heile familien og bli med på ein fin dag på Kuventræ!

Ingen påmelding. Møt direkte på Kuventræ.