Osbuss AS, Varme & Rørteknikk AS og Brødrene Søgnen AS sine engasjement held fram i tre nye år!

Os Fotball er stolte av å ha fått enda fleire kvalitetssponsorar med på laget. Kanskje er det ein eller fleire av disse bedriftene som skal bistå deg i ditt neste prosjekt? Osbuss AS, Brødrene Søgnen og Varme & Rørteknikk har alle vore engasjerte i Os Fotball i ei årrekke, og det er ei glede å meddele at dei no held fram i tre nye år. Les meir om bedriftene og kva dei kan bistå med under.

 

 

Osbuss AS har i lang tid vore samarbeidspartner med klubben og tatt seg av ein trygg og komfortabel transport av Os Fotball langs vegen – no blir samarbeidet forlenga i tre nye år!

Osbuss AS har sidan 1995 tilbydd bussreiser til firmaturar, private arrangement og sightseeing i Bergen. Selskapet er ein profesjonell leverandør av transporttjenester og har ein stab på 25 faste tilsette og 9 reservesjåførar, som alltid set kunden og sikkerheiten i førarsetet. I 2019 skal Osbuss AS blant anna frakte Os sitt herrelag i jakta på poeng i Norsk Tipping-ligaen!

Me set pris på støtta og ser fram til vidare samarbeid!

Besøk Osbuss AS på nett her:

Hjem

 

 

 

 

 

 

 

 

Har du planar om å bygge eller modernisere ditt baderom/våtrom? Eller kanskje du treng hjelp med installasjon av varmepumpe, vannbåren varme eller andre oppvarmingsalternativ? Varme & Rørteknikk AS utfører det meste av oppdrag og service innan rørleggerfaget for nybygg og rehabilitering, og er klare for å hjelpe deg!

Varme & Rørteknikk har vore engasjert i Os Fotball i ei årrekkje og forlenger no engasjementet sitt med tre nye år! Me set stor pris på støtta og ser fram til vidare samarbeid!

Besøk Varme & Rørteknikk AS her:

http://vrt.no

Brødrene Søgnen AS sitt engasjement i Os Fotball strekker seg mange år tilbake. Me er glade og takksame for støtta og ser fram til vidare samarbeid!

Brødrene Søgnen AS er eit byggefirma i Os som hjelper deg med ulike typer byggeprosjekt. Byggmesterane hos Brødrene Søgnen tek tømreroppdrag som nybygg, tilbygg, rehabilitering, oppussing, servicetenester og alle typer dør- og vindusbyter. Besøk dei her for meir informasjon: https://www.brodrenesognen.no

Me i Os Fotball set stor pris på støtta frå det lokale næringslivet og ynskjer Osbuss AS, Varme & Rørteknikk AS og Brødrene Søgnen AS velkommen med på laget i tre nye år!