Os-toget ruller vidare!

Sander Kvittingen, Rafael Villen og Christoffer Hafsås var igjen sentrale i ein ny trepoenger til Os A-lag (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy/Midtsiden.no).

Os A-lag durer på vidare og tok ein ny trepoenger mot Frøya på bortebane i går kveld. Sluttresultatet blei til slutt 0-5. Hovudtrenar Tim Henrik Sperrevik var nøgd med laginnsatsen.

«Det var kjekt å sjå at både dei som starta og dei som kom innpå gjorde ein solid jobb. Me spelte på ein litt vanskeleg bane, men me tok krigen før det etterkvart opna seg opp. Det blei ein skikkeleg lagseier», seier Tim Henrik Sperrevik.

Kampen starta litt rotete med mange tette dueller. Os begynte etterkvart å skape nokre farligheiter, men det tok ein halvtime før dei fekk hol på byllen. Fabian Bødtker, som er i strålande målform om dagen, sendte Os i føringa etter ein fin pasning frå Rafael Villen i bakrom. Kort tid etter var Christoffer Hafsås på riktig sted til riktig tid, når han plukka opp ein retur frå Frøya sin sisteskanse og satt ballen kontant i nettet. Frøya skapte ikkje all verden før Os forrærte dei ein gratissjanse mot slutten av omgangen. Frøya-spissen snappa eit for svakt tilbakespel til keeper, men heldigvis for Os brukte spissen for lang tid og Alexander Dale kom til unnsetning. Os kunne og burde sannsynligvis blitt tildelt eit straffespark like før halv tid, men resultatet stod seg til pause, 0-2 til Os.

Like etter kvilen var Os og Øystein Takle Eide på farten igjen. Etter at Takle Eide hadde runda keeper, fekk han ein litt for skrå vinkel for avslutning sjølv. Han la difor ein perfekt pasning tilbake igjen i feltet til Marius Mikkelsen som enkelt kunne auke leiinga. Etter 0-3 skåringa gjekk lufta litt ut av Frøya-mannskapet og romma opna seg meir opp. Det utnytta Sander Kvittingen, som skåra to fine mål mot slutten av kampen etter pasninger av Steffen Kvamsdal og Alexander Tøssebro. I sluttminutta var Os nærare å auke til 6 og 7 – 0 enn Frøya var redusering, men resultatet stod seg kampen ut. Alt i alt, ein godt gjennomført bortekamp av A-laget.

Neste kamp er allereie onsdag 20. juni kl. 19:30 mot Valestrand/Hjellevik på Kuventræ. Dette er også den siste kampen i vårsesongen og Os-gutta lover fest. Sees på onsdag!

Heia Os!

Kampfakta:
0 – 1: Fabian Bødtker (Rafael Villen) 27.min
0 – 2: Christoffer Hafsås 34.min
0 – 3: Marius Mikkelsen (Øystein Takle Eide) 46.min
0 – 4: Sander Kvittingen (Steffen Kvamsdal) 74.min
0 – 5: Sander Kvittingen (Alexander Tøssebro) 85.min

Fabian Bødtker noterte seg igjen i målprotokollen når han sendte A-laget i føringa borte mot Frøya (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy/Midtsiden.no).