Os-togene ruller vidare!

(Kjetil Vasby Bruarøy, Midtsiden).

Torsdag vann damelaget. Fredag og laurdag fulgte Os A-lag og Os 2 opp og gjorde det same. Dei gule Os-toga byrjar å få opp dampen!

A-laget tok fredag kveld i mot Vestsiden-Askøy til dyst om nye poeng på Kuventræ. Vestsiden-Askøy hadde ein fin avslutning på vårsesongen med seks strake kamper utan tap, men mot Os på Kuventræ var det lite tvil om kven som ville stikke av med poenga. Vestsiden-Askøy var farleg frampå ved eit par anledninger, men forsøka blei enten avblåst for offside eller stoppa av sisteskanse, Chris Sunde Midtun. Sett vekk frå det hadde Os god kontroll gjennom heile kampen og kunne innkasserte tre nye poeng etter 3-0 siger over motstandarane frå Askøy. Os sine mål blei scora av Øystein Takle Eide, Marius Mikkelsen og Rafael Villen.

Os har berre sluppet inn eit(!) mål på sine fem siste kamper og står bokført med målforskjell på 20-1. Det er solide tal av Os-mannskapet. Me håper A-laget fortsetter i same stil vidare i haust. Neste kamp er laurdag 1.september mot Loddefjord kl. 15.00 på Kuventræ. Kampen er i forlengelse av «Barnas dag», eit gratis arrangement med mange gøye aktiviteter for både born og vaksne på Kuventræ frå kl. 13.00. Det er gratis inngang for alle på A-kampen. Det blir knallkjekt, så me oppmodar så mange som mogleg til å ta turen!

Velkommen til «Barnas dag» og A-kamp mot Loddefjord 1. sep kl. 13.00 – 17.00! Spre ordet!

Os 2-toget ruller vidare

Laurdag var det Os 2 sin tur til å kjempe om nye poeng når dei tok turen til Krohnsminde for å møte Baune. Os 2 gjorde som i dei foregåande kampane, scora mange mål og tok tre nye poeng! Os 2 vann 4-2 etter scoringer av Torgeir Lunde, Elias Heggland, Sander Kvittingen og Joachim Fløysand og skaffa seg med det ei luke på åtte poeng ned til Nymark på 3.plass. Voss på 4.plass har to kamper mindre spelt og kan med siger i begge hengekampane komme fem poeng bak.

«Det var ein ok match for vår del. Me møtte eit lag som var meir interessert i å krige enn å spele fotball og det blei med det litt meir kriging enn me eigentleg ynskjer. Men spelarane takla det bra og me vann fortent», seier hovudtrenar Martin Eidsvik.

Neste kamp for Os 2 er det duka for toppoppgjer mot Osterøy. Søndag 2.september kl. 16.00 på Osterøy stadion kunstgras!