Os-spelarar teke ut til talentsamlingar

Karoline Hevrøy var førre veke på Statoil Talentleir i Sarpsborg, medan Martin Hunnes (innringa oppe) og Sebastian Plätzer er teke ut til talentsamling på Nadderud.

Spelarar frå både jente- og gutesida i Os Fotball har blitt plukka ut til å representere NFF Hordaland på nasjonale talentsamlingar. Karoline Hevrøy var førre veke på Statoil Talentleir i Sarpsborg, medan Martin Hunnes (innringa oppe) og Sebastian Plätzer er teke ut til talentsamling på Nadderud.

Steget før landslaget

Dei største talenta frå 2003- og 2004-kullet var førre veke samla til Landsdelsamling i Sarpsborg på Statoil Talentleir. Statoil Talentleir er det nest øvste nivået i NFF sin spelarutviklingsmodell, der landslaget er neste steg. Karoline Hevrøy frå Os Fotball var ei av åtte talent frå Hordaland som var plukka ut til å representere NFF Hordaland i Sarpsborg. Karoline var heller ikkje den einaste som representerte Os-bygda, også Malin Ludvigsen frå Nore-Neset IL var teke ut til talentsamlinga. Dagleg leiar Endre Brenne synast dette er utruleg kjekt og eit teikn på fleire år med satsing og godt arbeid med rekruttering på jentesida frå klubbane rundt i Os. Han legg til at særleg jentefotballdagen har vore særs vellukka. Karoline gjorde ein fin figur på landsdelsamlinga

«Karoline er ei ivrig og ambisiøs jente med ekstremferdigheiter i form av skudd og tempo. At både Karoline, Malin Ludvigsen og Vilde Veglo blir tatt ut på slike nasjonale tiltak er eit bevis på at det jobbes godt på jentesida i Os-bygda. Det er veldig kjekt», seier Endre Brenne.

Endre Brenne forklarer vidare at der ein har slitt med fråfall i ungdomsåra, samt rekruttere jenter til damelaget tidligare, men at denne trenden er i ferd med å snu.

«Ørjan Sandal har fått hovudansvaret for NN/Os J17 og oppfølging av enkeltspelarar. Han er komme særs godt i gang med arbeidet der. Stian Kvåle som tok over for Rafael Villen Villen på A-laget har i dag ei solid gruppe damespelarar som trener godt 3 ganger i veka. Også han er særs dedikert og flink så framtida for jente- og damefotballen i Os ser lys ut»

Karoline Hevrøy og Malin Ludvigsen frå Nore-Neset (tredje frå venstre på fremre rad) representerte NFF Hordaland (Foto: Thomas Brekke Sæteren).

Talentsamling på Nadderud

Martin Hunnes og Sebastian Plätzer er begge teken ut i ein tropp på 16 spelarar som skal representere NFF Hordaland i ein nasjonal talentsamling på Nadderud 7. og 8. april. Troppen som skal representere Hordaland i Bærum på denne samlinga er i følgje spelar- og trenarutviklar i NFF Hordaland, Petter Johan Pettersen, ikkje eit krinslag, men at spelarar som er plukka ut er talentfulle og langt framme i sin krins. Han fortel vidare at gutar 13-kullet i Hordaland fortsatt er under kartlegging og ein rullerer difor på kven som får sjansen på samlingar, slik at fleire kan vise seg fram.

På samlinga ventar hotellopphald, treninger og kampar og spelarane våre er glade for å få sjansen.

«Eg blei kjempeglad då eg fekk vita at eg fekk moglegheita, og so blei eg enda gladare då eg fekk høyre at alle tre frå Os fekk plass til Nadderud. Det blir ein kjekk og spennande tur saman med Martin, Jonas og resten av av gjengen!«, seier Sebastian Plätzer.

Både Martin og Sebastian har lenge vore faste deltakarar på klubben sin fotballfritidsordning, som er eit fotballtilbod etter skuletid. Dei er fortsatt med på dette tilbodet og trener på klubbens FFO-Akademi. Dagleg leiar Endre Brenne har vore FFO-ansvarleg sidan han kom tilbake til klubben etter proffopphald på Island og har fulgt Sebastian og Martin over lengre tid. Han synast det er stor stas at begge er teke ut til samlinga på Nadderud og gratulerer so mykje til begge.

«Både Martin og Sebastian er ivrige og gode g13-spelarar, som legg ned mykje trening. Martin er ein midtstoppar med stor fart og gode ferdigheiter med ball. I tillegg er han ein leiartype som går framfor og set ein god standard i treningsarbeidet. Sebastian er kant/offensiv midt med kvikke bein, god teknikk og spelforståing. Det blir spennande å følgje dei vidare», seier Endre Brenne.

I tillegg til Martin og Sebastian er også Jonas Kvam frå Lysekloster IL teke ut til samlinga frå Os.

Martin Hunnes (oppe) og Sebastian Plätzer skal representere Os Fotball på Nadderud.

Gode referanser til inspirasjon og utvikling

Det er tydeleg at det gror godt i Os-bygda og Os Fotball er stolt over å ha flotte representantar for klubben vår på både jente- og gutesida på nasjonale samlingar. Spelarane får gode referansar på nivået rundt i Noreg som er inspirerande og utviklande. Dette er i tillegg ein god referanse for klubben og spelarane våre som ser kva som kreves og kva dei kan strekkje seg etter.

Me gratulerer Karoline, Martin og Sebastian med uttaka og ynskjer Martin og Sebastian lukke til på Nadderud i april!

Stå på vidare!