Os/Nore Neset tilbake på vinnarsporet

Foto: Benjamin Søgnen Olsen

Os/Nore Neset slo Djerv 3-2 på Kuventræ

Damelaget er tilbake på vinnarsporet etter at dei søndag slo Djerv 3-2 på Kuventræ. Det smakte godt for heile gruppa fortel trenar Stian Kvåle.

«Dette var eit steg opp frå dei siste kampane, det var kjekt. Vi tok betre val med og utan ball og eg føler me hadde god kontroll på kampen frå start til slutt», seier ein fornøgd trenar.

Malin Ludvigsen opna ballet i det 6.minutt med eit godt plassert skot frå 16-meter, men Djerv slo tilbake like før pause. I det 67.min var det Vy Nguyen sin tur til å teste skuddfoten. Frå kanten av 16-meteren traff ho som det sang etter og sendte ein prosjektil i det lengste hjørna. 2 – 1 til Os/Nore Neset. I det 74.min auka Vilde Drange Veglo til 3-1. Kapteinen braut spelet på midtbana, satte fart mot mål før ho plasserte ballen til side for Djerv sin sisteskanse. Men det var ikkje lenge damene fekk ha ein komfortabel tomålsleiing. To minuttar seinare reduserte Djerv til 3-2. Det blei med den eine reduseringa og Os/Nore Neset kontrollerte inn sin fjerde siger for sesongen.

Neste kamp for damelaget er måndag 10.juni kl. 19.00 mot Krabbetor på Nygårdsmyren. Krabbetor har fått ein tøff start på sesongen og står med 0 poeng så langt. Vel møtt til damekamp!