Os/Nore Neset kvinner: Surt tap mot effektive Tertnes!

Det var god stemning på tribunen under damelaget sin kamp mot Tertnes!

På arbeidernes dag, tysdag 1.mai, ynskja damelaget Tertnes velkommen til kamp på Kuventræ. Det var mange osinger som hadde teke turen til tribunen for å støtte jentene, og dei frammøte kunne sjå eit damelag som produserte ei rekkje med sjansar. Men så er fotball ein gang slik at det handler om å få ballen i motstanderen sitt nett, noko Tertnes makta å gjere fleire gangar enn Os/Nore Neset denne kampen.

Det var ein jamnspelt fyrste omgang, der begge lag hadde sine sjanser. Vy Nguyen var farleg frampå med fleire skot i starten av kampen, men dessverre for osingane blei skota redda eller gjekk like til side for stolperota. Tertnes ville også vere med på leiken og kom i det 14.min åleine med Emilie Askvik Bøe i damelaget sitt mål. Men også for Tertnes gjekk avslutninga til side for mål. Så fekk Os/Nore Neset og Vy hol på byllen i det 34.min! Kine Torsvik vann ballen på midtbana, før ho sendte Vy igjennom med eit fint gjennomspel. Vy gjer ingen feil åleine Tertnes sin keeper og sendte jentene i føringa, 1-0. Dette var også pauseresultatet.

Etter kvilen tok damelaget kontroll over kampen. Dei satte no Tertnes under eit solid press og produserte sjanse etter sjanse, men makta ikkje å auke leiinga. Både Vy og unge lovande Malin Ludvigsen fekk sjansen åleine med keeper, utan å klare å overliste Tertnes sin sisteskanse. I staden er det Tetnes som er effektive og kontrer inn utlikninga i det 79.min. 1-1 mot spelets gang. Os fortsatte å presse Tertnes for å ta leiinga på nytt, men nok ein gang får osingane ein nesestyver når Tertnes går i føringa i det 84.min etter corner, 1-2. Jentene klarte ikkje å slå tilbake i sluttminutta og kunne dermed innsjå at årets fyrste tap var eit faktum.

Etter ein jamn fyrste omgang, styrte jenter våre begivenhetene i andre omgang. Men fotball handler om å score flest mål, noko damelaget dessverre ikkje makta denne kampen og blei dermed felt av eit effektivt Tertnes-lag.

Jentene får moglegheit til å revansjere det sure tapet allereie på søndag, når dei møter tabell-leiar Årstad på Krohnsminde kl. 18.00!