Os/Nore Neset J17 vann serien og blei krinsmeister!

Os/Nore Neset J 17 vann serien og blei krinsmeister i 1.div i J17 serien (Foto: Odd Løvset, hordalandsfotballen).

Os/Nore Neset J17 er ambisiøse og gode. I går vann dei 1.div i J17-serien og blei krinsmeistrar!

Jentene på Os/Nore Neset møtte i går Fyllingsdalen J17. Fyllingsdalen vann nyleg Adidas-cup, som er eit uoffisielt NM for aldersbestemte lag. I tillegg var dei før kampen mot Os/Nore Neset på 1.plass i 1.div J17, tre poeng framfor Os/Nore Neset på 2.plass. Det var med andre ord eit godt lag og ein tøff motstand som kom til Nore Neset for å avgjere årets sesong. Med siger kunne Os/Nore Neset passere Fyllingsdalen på tabellen med betre målskilnad og ville då bli serievinnar og krinsmeister i J17.

Sandal har stor tru på jentene

Det blei som venta ein jamn og tøff affære, men til stor jubel frå Os/Nore Neset jentene og dei mange frammøte tilskodarane, trakk Os/Nore Neset det lengste strået og vann kampen 3-2. Sigeren gleda også hovudtrenar Ørjan Sandal stort. Han seier det sjølvsagt er kjekt å bli serie- og krinsmeister, sjølv om det ikkje var eit mål for dei. Sandal set større pris på at laget, til tross for stor skilnad i alder, vann mot ein veldig sterk motstandar. Laget er eigentleg eit J15 lag, men hevdar seg altså veldig godt i J17 serien. Det lovar godt for framtida og Sandal er sikker i sin sak om at disse jentene vil vere enormt gode om nokre år.

I den avgjerande kampen mot Fyllingsdalen scora Andrine Brunvatne Kvittingen x 2 og Lenea Fløysand for Os/Nore Neset.

Me gratulerer jentene så mykje med ein flott sesong og KM-tittelen. Me gler oss til å følgje utvikla vidare!

(Foto: Odd Løvset, Hordalandsfotball).

(Odd Løvset, Hordalandfotball).

Trener Ørjan Sandal er godt nøgd med innsatsen til jentene (Odd Løvset, Hordalandsfotball).