Os Hageservice AS vil hjelpe å luke vekk baklengsmål og dårlege pasningar!

Os Hageservice AS er din lokale anleggsgartnar. Dei teiknar og planlegg hagen din i tillegg til å utføre sjølve anleggsarbeidet. Med eit moderne teikneprogram lagar dei no hageplan i full 3D, og med VR-briller kan du vandre i din nye hage! Andre tenester Os Hageservice AS kan tilby er legging av belegningsstein, skifer og brostein, oppføring av mur, kantstein, lage trapp, plante buskar og trer, og anna vedlikehald av hagen. Kort sagt kan Os Hageservice AS hjelpe til med alt innan hage! Og nå vil også Os Hageservice AS hjelpe Os Fotball til å luke vekk baklengsmål og dårlige pasningar slik at det blir en god fotballsesong med mange seirar.

«Vi er glade for å kunne bidra til at Os Fotball kan fortsette med den gode jobben dei gjer», seier dagleg leiar i Os Hageservice AS, Tore Færevaag.

Me er strålande nøgde med at Os Hageservice AS vil vere med vidare på laget. Me ser fram til vidare samarbeid!