Os gjorde jobben

Øystein Takle Eide noterte seg i målprotokollen og blei kåra til dagens osing mot NHH (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy).

Det gule toget ruller vidare etter at A-laget i går kveld slo NHH 6 – 0 og damelaget slo Fana 2 11 (!) – 0  på fredag! I dag håpar me Os 2 følger i A-laget og damelaget sine fotspor i lokalderbyet mot Søfteland!

Søndag kveld tok serieleiar Os i mot botnlaget NHH på Kuventræ, sjølv om skilnaden på tabellen ikkje var veldig synleg på bana. Os var slurvete, fann ikkje rytmen og kampen blei rotete. Til tross for ein middels dag for osingane på bana, viste dei likevel muskler i målprotokollen. Med seks ulike spelarar som teikna seg i målprotokollen vann osingane komfortabelt 6 – 0 og henta tre nye poeng.

Fabian Bødtker og Steffen Kvamsdal takka for tilliten med mål 

Ungguttane Fabian Bødtker og Steffen Kvamsdal har begge vore toneangivende for Os 2 i lang tid og fekk begge tillit frå start mot NHH. Dei takka begge for tilliten med å teikne seg i målprotokollen. Fabian Bødtker opna scoringsballet når han på «goalgetter-vis» lukta ein retur frå keeper og sendte Os i føringen allereie etter 8.min spelt. Dessverre for Os og Bødtker pådro han seg ein skade kort tid seinare og måtte forlate bana. Etter 23.min spelt var det Vegard Strønen Skeie som var på riktig plass til riktig tid og auka leiinga på eit hjørnespark, før Mats Cato Moldskred berre to minutt seinare auka til 3-0 frå straffemerket. Straffen var det Kvamsdal som skaffa, som forøvrig spelte sin aller fyrste kamp frå start for A-laget. Dette var resultatet til halv tid, før Øystein Takle Eide to minutt ut i 2.omg auka til 4-0. Nokre minutt seinare var Kvamsdal på farten igjen og dunka inn 5-0, før Sander Kvittingen fastsatte sluttresultatet til 6-0 i det 87.min. Os gjorde jobben og henta tre nye poeng!

Neste kamp for A-laget er fredag 21.sep kl. 18.30 mot Austevoll på bortebane. Med siger i den kampen, samstundes som Lyngbø tapar mot Sandviken, så kan Os sikre opprykket i neste heimekamp mot Sandviken 29.sep.

Damelaget knuste Fana 2

Damelaget møtte fredag kveld Fana 2 til dyst på Nesttun idrettspark. Os-damene feide Fana 2 av bana og gav seg ikkje før det stod heile 11 – 0 på måltavla! Ein maktdemonstrasjon frå våre damer, som igjen tok tre viktige poeng, samtidig som dei betra målforskjellen betrakteleg. Damene held stand på toppen av tabellen med ei luke på seks poeng ned til Årstad på tredje plass. Med fire kamper igjen av årets sesong ser det dermed lyst ut med tanke på opprykk for damene. Os/Nore Neset sine målscorere mot Fana 2 var Vilde Drange Veglo med seks nettkjenninger, Vy Nguyen med tre, Malin Ludvigsen og Kine Torsvik.

Neste kamp er søndag 23.sep kl. 18.00 mot Bjarg på Kuventræ!

Heia Os!