Os G16 blei krinsmester i 2.div!

Os G16 blei krinsmester i 2.div (Foto: Endre Brenne for Midtsiden).

Os gutar 16 spelte laurdag krinsfinale i 2.div mot Sædalen på Kalandseid. Os hamna under, men snudde kampen og blei krinsmestrar i 2.div!

Os har med KM-sigeren unnagjort ein haust utan tap. Laget som spelte i 1.div i vår, har også i 2.div møtt tøff motstand. Os har blant anna møtt Nest Sotra, Bremnes og Bjarg. I Sædalen si pulje spelte blant anna Arna-Bjørnar og Gneist.

Os låg under 2-1 til pause, men snudde det til 3-2 i andre omgang. Minuttet før slutt utlikna Sædalen til 3-3, men Os-gutane hadde meir å komme med. Os avgjorde finalen med to scoringar på overtid og sikra KM-tittelen!

Elias Heggaland Myrlid x 2, Henrik Johannesen x 2 og Simeon Bizimana scora måla for Os.

Me gratulerer Os G 16 med KM-tittelen!