Os Fotball støtter Rosa sløyfe-aksjonen

Os Fotball støtter Rosa sløyfe-aksjonen til Kreftforeningen i oktober!

Os Fotball støtter Rosa sløyfe-aksjonen og vil i oktober samle inn penger, og vise merksemd og omtanke til brystkreftrammede!

Os Fotball ynskjer å støtte Rosa sløyfe-aksjonen gjennom å donere 50% av inntekten per solgte kopp med varm drikke i oktober. Laurdag 13.10.18 spelar Os A-lag herrer sin siste heimekamp for sesongen og klubben vil i den anledning ha gratis inngang for publikum (ordinær pris kr. 50,-). Klubben oppmodar i stedet publikummere til å donere ein valgfri sum til Rosa sløyfe-aksjonen. Me vil samtidig oppmode alle klubbens medlemmer, sponsorar og øvrig næringsliv til å bidra til aksjonen.

Rosa sløyfe-aksjonen er ein kampanje for å rette merksemd og omtanke til brystkreft. Kampanjen gjennomføres kvart år i oktober-måned og er i denne måneden ein del av ein internasjonal «folkebevegelse» for merksemd om brystkreft og solidaritet med brystrammede. Det er Brystkreftforeningen og Kreftforeningen er saman om aksjonen. Ein kan lese meir om aksjonen her: https://kreftforeningen.no/rosasloyfe/

Ein kan gje eit bidrag til aksjonen gjennom Vipps-nummer: 122530. Ein kan også donere eit bidrag på kontonr. Ta kontakt med klubben dersom det er eit ynskje!

Os Fotball bryr seg og ynskjer å støtte denne aksjonen. Bli med å vis omtanke til alle som er ramma av sjukdommen!

Saman er me sterke!

Os Fotball støtter Rosa sløyfe-aksjonen til Kreftforeningen i oktober!