Os Fotball mottok diplom som NFF Kvalitetsklubb 1

I nydelig haustvær inviterte Os Fotball til grilling, kake og aktivitet når dagleg leiar i NFF Hordaland, Knut Berge, og kretsleiar, Tore Christian Gjelsvik, kom til Kuventræ for å overrekke diplom på at Os Fotball er den fyrste klubben i Bjørnafjorden som er blitt sertifisert som NFF Kvalitetsklubb 1.

Knut Berge og Tore Christian Gjelsvik hadde også med seg positive ord og gratulasjonar på vegne av alle i kretsen som dei delte med dei frammøte på Kuventræ.

«Det er kjekt å sjå at Os Fotball framstår som ein robust og god klubb med tydelege rammer og planer, og eit godt verdigrunnlag. Me vil berømme arbeidet som er blitt gjort og prosessen klubben har vore igjennom», sa Gjelsvik frå talarstolen før han overrekte det synlege beviset på at klubben er blitt NFF Kvalitetsklubb 1 til styreleiar Leiv-Gunnar Heggland.

NFF Kvalitetsklubb 1 er det fyrste av tre nivåer i NFF Kvalitetsklubb og er fotballutvikling i regi av klubb, krets og forbund. Målet er å stimulere til god klubbdrift og auke kvaliteten på aktiviteten i klubbane.

Marita Kristine Arentzen, som har leia kvalitetsklubb-prosessen på ein utruleg god måte, fekk også velfortent skryt frå talarstolen frå både Gjelsvik og Leiv-Gunnar. Marita Kristine forklarer at NFF har målt klubben på fire store hovudområder; aktivitet, organisasjon, kompetanse og samfunn og verdiarbeid.

«Det meste var på plass i klubben, så har det vore ein del arbeid med å få satt alt i system og dokumentere det. Det har vore alt frå presisering av enkelte punkt i sportsplanen til utarbeiding av klubbhandbok. Det har vore ein spennande og lærerik prosess, og eg gler meg til å fortsette kvalitetsklubb-arbeidet i klubben», seier Marita Kristine.

Tusen takk til alle som blei med på feiringa med oss. No gler me oss til å fortsette arbeidet som kvalitetsklubb og gje medlemma våre eit så godt tilbod som mogleg!

Os Fotball – trygghet, fotballglede og utvikling for alle! 

Levende – Ambisiøs – Inkluderende – Humør

Fantastisk kake frå Hagavik Hjemmebakeri!
Me fekk ein utruleg hyggelig hilsen og blomster frå Os Handball. Her er Marita Kristine Arentzen med styreleiar i handballen, Ingerid Verpe Jakobsen.