Os Fotball kåra til årets klubb i Hordaland

Super-supporter Tore Kleppe er i lag med veldig mange andre frivillige ein viktig bidragsyter til å lage fotballfest på Kuventræ (Foto: Hordalandsfotball)

Det har vore ein fantastisk sesong for Os Fotball. I går kveld toppa det seg då me fekk tildelt prisen «Årets klubb» i Hordaland, på lokalfotballgallaen til BA og Hordalandsfotballen. I tillegg fekk vår elegante spanjol på A-laget og nybakte pappa, Rafael Villen, prisen for «årets spelar» i 4.div avd. 01.

ÅRETS KLUBB

Sesongen 2018 har vore eit eventyr for Os Fotball med opprykksbonanza på dame- og herresida på seniornivå, mykje god aktivitet i barne- og ungdomsfotballen, samt samfunnsviktige arrangement utanfor bana. Dette har blitt lagt merke til også utanfor kommunegrensa, og var grunnen til at Os Fotball stakk av med den gjeve tittelen. Prisen heng høgt for klubben, ikkje minst på grunn av at den involverer så mange. Dette er ein pris til alle involverte i Os Fotball; medlemmar, frivillige, trenarar og leiarar, oppmenn, kampvertar, dommarar, sponsorar og støttespelarar! Denne prisen er til dykk alle!

Rafael Villen årets spelar i 4.div avd 01. 

Rafael Villen (t.v) har hatt mykje å feire i 2018. I går blei han pappa og blei kåra til årets spelar i 4.div avd. 01 (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy).

Rafael Villen har hatt mykje å feire i årets sesong. Laurdag blei han pappa før han nokre timar seinare fekk pris som årets spelar i 4 div avdeling 01!

Rafael har hatt ein knallsesong og vore ein viktig bidragsyter til at A-laget klarte årets ambisjon om opprykk. Med eit strålande blikk for spelet, god spelforståing, god teknikk og bra målteft har den elegante midtbanespelaren styrt Os-skuta til opprykk. Rafa har i tillegg gode haldningar og er eit godt førebilete for yngre spelarar i klubben! Det har blitt lagt merke til og han blei difor kåra til årets spelar av BA og Hordalandsfotballen på lokalfotballgallaen. Også Mats Cato Moldskred var ein av dei tre nominerte til denne prisen.

Me gratulerer vår alltid blide og postive spanjol så mykje med prisen og som nybakt pappa!

Her er nokre av arrangementa og aktivitet som har foregått på Kuventræ i 2018:

– Festkveld med dei eldre i tropehagen på Luranetunet!

Os Fotball baud opp til dans

Os Turn skapte magisk og minnerik stemning for dei eldre i Tropehagen onsdag.

Publisert av Os og Fusaposten Torsdag 8. mars 2018

Les meir om kvelden i tropehagen på Luranetunet her:

Festkveld i Tropehagen!

Eat Move Sleep-Cup

Som Eat Move Sleep-ambassadør er klubben så heldig å få formidle sunne og gode verdier på vegne av NFF, BAMA og EAT. I den forbindelse blei det arrangert Eat Move Sleep – Cup på Kuventræ, ein annleis fotballcup med fokus på meir enn berre fotball. Det blei ei fantastisk helg og vidoen til John Hauge oppsummerer årets happening på ein strålande måte.

Les også meir om Eat, Move, Sleep-cupen vår her:

Bærekraftig fotballfest på Kuventræ

Barnas dag

I forbindelse med A-laget sin heimekamp mot Loddefjord 1.september arrangerte me «BARNAS DAG» på Kuventræ, eit av fleire arrangement for born og unge i 2018! Dette blei ein fest for born og unge med mange gøye aktiviteter som hoppeslott, ansiktsmaling, skuddradar, fotballaktiviteter, danseshow osv. Garantert eit arrangement som vil bli gjentatt.

Sjå bilete frå barnas dag her: https://www.facebook.com/pg/osfotball/photos/?tab=album&album_id=2186424401678632

– Telenor Xtra FFO og Akademi

Det er mykje god aktivitet som forgår på klubbens Telenor Xtra fotballfritidsordning (FFO) og Akademi gjennom heile skuleåret. FFO er eit tilbod etter skuletid, medan det på akademiet er tilbod både før og etter skuletid. I tillegg til å utvikle glede og mestring med fotball, er det på disse tilboda lagt stor vekt på å utvikle gode haldningar. Du kan lese meir om tilboda her:

FFO

 

Opprykk for tre seniorlag

Det har vore ein fantastisk sesong for Os Fotball på seniornivå. Damelaget vann sin 4.div avdeling og er klar for 3.div i 2019, medan A-laget og Os 2 også tek eit steg opp i divisjonssystemet til neste sesong. A-laget er klare for 3.div, medan Os 2 er klare for 4.div i 2019. Du kan lese meir om opprykksbonanzaen til klubben her:

Opprykksbonanza i Os Fotball!

-Eg er utruleg stolt over jentene

 

Takk til BA, Hordalandsfotballen og Scandic Bergen City for ein storslått feiring av lokalfotballen, og til BA og Hordalandsfotballen som følgjer lokalfotballen så tett. Me gler oss over mykje god aktivitet i klubben i 2018 og set stor pris på kåringa «årets klubb». Dette vil vere ein stor inspirasjon inn mot neste sesongen der me ynskjer å ha minst like mykje god aktivitet!

Bli med på feiringa av årets sesong i Oseana 17.nov! Påmelding: https://www.deltager.no/os_fotballgalla_2018_17112018