Os Fotball kåra til årets Eat Move Sleep Ambassadør i 2018!

Os Fotball stilte sterkt på Eat Move Sleep Kick Off i Oslo i helga. Frå venstre: Håkon Andersen (BAMA), Trude Riple, Eirik Rødberg, John Ole Johannessen, Elisabeth Nedrelid, Tore Kleppe, Annette Kleppe, Endre Brenne, Solfrid Vernøy og Holger Roald (NFF).

Som tidlegare år, var Os Fotball i 2018 ambassadør for konseptet Eat Move Sleep, noko me delte med 36 andre klubbar i landet. Dette er noko me stolt har vore dei siste åra, og me er opptekne av å kunne formidle bodskapet om sunn mat, aktivitet og god søvn. I helga var det Kick Off for Eat Move Sleep 2019 i Oslo – og der fekk Os Fotball prisen årets ambassadørklubb i 2018!

«Dette er ein pris som heng utruleg høgt og som heile klubben skal vere veldig stolt over. Det er eit stort bevis på at klubben gjer mykje bra for born og unge, og at frivilligheita lev i beste velgåande. Alle i og rundt klubben må trykke dette til seg og gje seg sjølv ein stor klapp på skuldra», seier Endre Brenne og dei frivillige som arbeider med Eat Move Sleep på Kuventræ året rundt.

Os Fotball stilte sterkt i Oslo med store deler av dei frivillige som står på med Eat Move Sleep på Kuventræ året rundt. Solfrid Vernøy, Annette Kleppe, Tore Kleppe, Trude Riple, Eirik Rødberg, John Ole Johannessen, Elisabeth Nedrelid og Endre Brenne hadde teke turen over fjellet. Dagleg leiar Endre Brenne set stor pris på dei frivillige;

«Dei og mange andre står verkeleg på for klubben. Me har eit dugnadsteam eg trur få andre klubbar kan skilte med. Det er spesielt kjekt at så mange av dei som jobbar med Eat Move Sleep på Kuventræ året rundt hadde sjansen til å vere med denne helga».

I tillegg til å motta pris, holdt Endre Brenne og Tore Kleppe foredrag om klubben sitt arbeid som Eat Move Sleep Ambassadør. Dei fortalte om korleis me aktivt jobbar med å implementere og formidle bodskapet om sunn mat, hyppig aktivitet og god søvn internt i klubben, til alle deltakarane våre på FFO, akademiet, i treningskvardagen, samt ute i lokalsamfunnet.

Dette var også vektlagt ved pristildelinga. I tillegg til å ha arrangert ein flott fotballcup, fekk me ros for å ha utført rolla som ambassadørklubb på ein framifrå måte. Bodskapet om Eat Move Sleep er blitt godt forankra hos spelarar, trenarar og frivillige i klubben gjennom faste innslag på FFO og akademi, ulike samfunnstiltak, i arbeid med samarbeidspartnarar og diverse arrangement. I tillegg til heder og ære fekk klubben tildelt 40 000kr!

Me set stor pris på annerkjennelsen og me er toppmotivert til å følgje opp med eit minst like bra Eat Move Sleep år i 2019! Me ynskjer samtidig velkommen til Os Fotball Eat Move Sleep-Cup 2019 – sjå påmelding nedenfor!

Sjå video frå Os Fotball Eat Move Sleep – Cup 2018!

For påmelding til Os Fotball Eat Move Sleep – Cup 2019 klikk inn her:

Velkommen til Norges mest bærekraftige cup – Os Fotball Eat Move Sleep Cup 2019!

Endre Brenne og Tore Kleppe holdt foredrag om Os Fotball sitt arbeid som Eat Move Sleep Ambassadør (Foto: Elisabeth Nedrelid).

Frode Grodås var på besøk på Kuventræ i 2018. På helgas Kick Off holdt han eit innlegg (Foto: Elisabeth Nedrelid).

Ambassadørene blei delt inn i grupper og delte erfaringer og råd (Foto: Elisabeth Nedrelid).

Skikyttersjef Odd-Bjørn Hjelmeset (Foto: Elisabeth Nedrelid).