Os fotball inviterer til EAT MOVE SLEEP-CUP 2018!

Os fotball har igjen stor glede av å invitere til EAT MOVE SLEEP – CUP 2018 på Kuventræ idrettsanlegg 1 – 3.juni! Denne helga blir det arrangert turnering for jenter og gutar i aldersgruppa 6 – 12 år.

Gå inn på lenkja under for meir informasjon og påmelding til EAT MOVE SLEEP – CUP 2018:

Påmelding: https://www.profixio.com/reg/os-fotball-eat-move-sleep-cup-2018

Påmeldingsfrist 11.05.2018

EAT MOVE SLEEP-CUP INVITASJON

Eat Move Sleep er ein nasjonal offensiv for å oppnå betre folkehelse, iverksatt av Norges Fotballforbund, Eat Initiative og Bama Gruppen AS. Det er eit konsept som set fokus på heilheita av det som skaper sunnheit, god helse og livskvalitet for oss menneske; nemleg kombinasjonen av kosthald, fysisk aktivitet og søvn.

I 2018 er Os Fotball, som eit av landet sine 1700 fotballklubbar, plukka ut til å vere ein av 37 Eat Move Sleep-ambassadørklubbar. Det er me stolt over og gler oss til å arrangere Eat Move Sleep – Cup også i 2018.

«Eg gleder meg stort til helga. Me skal lage eit fantastisk arrangement, så det er berre å bli med på fotballfesten», seier dagleg leiar Endre Brenne.  

Sjå Midtsiden sin stemningsrapport frå EAT MOVE SLEEP – CUP 2017:

 

VELKOMMEN TIL SUNNE OG MORSAME DAGER

PÅ KUVENTRÆ 1 – 3.juni!