Os Fotball inngår samarbeid med Macron!

Orvar Methlie frå Macron og dagleg leiar i Os Fotball Endre Brenne er begge godt nøgde med å starte eit samarbeid.

Macron blir Os Fotball sin utstyrsleverandør dei neste fire åra!

Macron er den tredje største leverandøren til fotball i Europa, og har i tillegg ein stor markedsandel til handball og basket. Den italienske utstyrsleverandøren har allereie 28% markedsandel i toppfotballen i Noreg, og har no også Os Fotball på lista.

«Me er glade for å inngå eit samarbeid med Macron som har gjeve eit godt inntrykk. Dei har vist stor interesse for klubben og me har høyrt mykje positivt om produkta dei leverer», seier dagleg leiar Endre Brenne.

Det har vore stor interesse for samarbeid frå fleire aktørar, men Macron skilte seg ut i positiv forstand. Som ein av Europas største aktørar på markedet har dei stor erfaring, kompetanse og kvalitet på feltet. Me gler oss til å ta i bruk utstyr frå Macron frå 2020!

Les meir om vår nye utstyrsleverandør her: http://www.macronstore.no/om-oss/