Os Fotball handplukka av NFF til viktig ambassadørrolle

Os Fotball sine representantar under Eat, Move, Sleep sitt kickoff på Ullevål stadion førre helg. Frå venstre Endre Brenne, Solfrid Vernøy, Elisabeth Nedrelid, Anette Kleppe og Tore Kleppe. (Foto: Thomas Brekke Sæteren/ NFF).

 
Helsemyndigheitane er bekymra for folkehelsa, og særleg for utviklinga blant barn og unge. Som Noregs største særforbund ynskjer Norges Fotballforbund, saman med sin hovudsamarbeidspartnar BAMA, å bidra til å betre folkehelsa gjennom konseptet Eat Move Sleep.
I 2018 er Os Fotball, som eit av landet sine 1700 fotballklubbar, plukka ut til å vere ein av 37 Eat Move Sleep-ambassadørklubbar.
«Os Fotball er ein motivert og engasjert klubb som er oppteken av sunne verdiar. Me er imponert over innsatsen som dei gjorde for å formidle Eat Move Sleep-bodskapen til spelarar, foreldre og nærmiljø i 2017», seier NFF sin generalsekretær Pål Bjerketvedt.

Eat Move Sleep skal hjelpe både små og store

I følgje helsemyndigheitane beveger me oss generelt sett for lite, me et for lite frukt og grønt, fisk og grove kornproduktar, men me får fortsatt i oss for mykje sukker, salt og metta feitt. I tillegg sover ungdom mindre enn anbefalt, samtidig som ein av fire vaksne slit med søvnproblemer. Generalsekretær i Norges Fotballforbund fortel kva det vil seie å vere ein ambassdørklubb for Eat Move Sleep-konseptet.

«Med Eat Move Sleep skal våre ambassadørklubbar formidle kunnskap, inspirasjon og haldningar som me veit både barn, unge og vaksne vil ha glede av. Ikkje berre på idrettsbana, men også på alle andre arenaer som skule, jobb og fritid der man også er avhengig av overskot, konsentrasjon og godt humør», seier Bjerketvedt.

Spennande år

«Det forpliktar å vere ein ambassadørklubb. Dei skal vere foregangsklubbar og syte for å formidle Eat Move Sleep-verdiane gjennom heile året. Blant anna skal dei motivere til å gå og sykle til og frå treningar og kampar, at spelarane får i seg sunn mat og drikke før og etter aktivitet, og at man praktiserer skjermfritt soverom. Kiosker og utsalgssteder vil også få ein sunnare profil», fortel NFF sin generalsekretær.
«I tillegg skal alle ambassadørklubbane arrangere ein eiga Eat Move Sleep Cup, der spelarar og tilskodarar blant anna vil lære meir om kor viktig det er å ha eit sunt og godt kosthald, og få nok fysisk aktivitet og søvn» avsluttar Bjerketvedt.
Os Fotball er stolt og takksam for å bli valt ut til å vere ambassadør for dette gode prosjektet i regi NFF og Bama, i samarbeid med EAT Foundation, også i 2018. Me er motiverte til å gjere jobben som ein ambassadørklubb så godt som mogleg og spre dei gode verdiane til våre medlemmar, samt i lokalmiljøet og dei ulike arenaene rundt i Os.
Klubben arrangerar Eat Move Sleep-Cup 1.-3. juni. Klubben er allereie i gang med å planlegge arrangementet, det blir kanonkjekt!
Inntil dess, et godt, tren godt og sov godt!
Ein kan lese meir om prosjektet her:
https://www.fotball.no/barn-og-ungdom/eatmovesleep/
 
Kontaktpersonar:
  • Eat Move Sleep i Os Fotball: Endre Brenne, endre@osfotball.no
  • NFF: Holger Roald, holger.roald@bama.no
  • Bama: Håkon Andersen, hakon.andersen@bama.no