Os Fotball har fått nytt styre

Det nye styret er klart. Bak frå venstre: Torkel Hjertnes, Jan Frode Skeie, Leiv Gunnar Heggland og Vidar Bahus. Framme frå venstre: Kine Lunde, Marita Arntzen og Torill Blindheim. 

Os Fotball har fått på plass nytt styre før 2019-sesongen. Torkel Hjertnes, Torill Blindheim og Jan Frode Skeie blir sittande, medan Leiv Gunnar Heggland, Kine Lunde, Marita Arntzen og Vidar Bahus er nye i Fotballstyret (bilete av styret kjem). Me ynskjer det nykomponerte styret lukke til og vil samtidig takke dei tidligare styremedlemmene Bjørn Aadland og Solfrid Vernøy, samt styreleiar Jon Sivert Rykkel for innsatsen i fotballstyret i denne omgang.

Det nye styret er konstituert og har no fordelt arbeidsoppgaver.

Leder: Leiv Gunnar Heggland
Nestleder: Kine Lunde
Økonomiansvarlig: Torkel Hjertnes
Fair play – ansvarlig: Marita Arntzen
Politiattest-ansvarlig: Kine Lunde

I tillegg har styret fordelt arbeidet i fotballgruppa i fire underutvalg, der utvalga er representert med ein person frå styret. Dette er for å sikre at alle utvalg har ein talerøst direkte i Fotballstyret og kan følge opp det som skjer.

Anlegg: Vidar Bahus
Sport: Jan Frode Skeie
Arrangement: Torill Blindheim
Økonomi/Marked: Torkel Hjertnes