Os Auto og Engevik VVS og Bygg er med vidare!

Det lokale næringslivet er utruleg viktig for at me kan gje våre medlemmer det tilbodet me ynskjer. Det er difor med stor glede me kan meddele at Os Auto og Engevik VVS og Bygg forlenger engasjementa i Os Fotball!

Os Auto
Os Auto er eit topp moderne bilverkstad som er leverandør av service, alle typer reparasjoner, diagnose og periodisk køyretøykontroll på alle bilmerker! Os Auto har det beste av utstyr for å feilsøke i dagens moderne biler, inkludert elektriske- og hybridbiler.

Velkommen på laget Os Auto!

Sjekk ut heimesida til Os Auto her: http://www.osauto.no

Engevik VVS og Bygg
Engevik VVS og Bygg tilbyr ein totalleveranse innan bygg og VVS (varme-, ventilasjons-, og sanitærteknikk). I staben har bedrifta rørlegger, tømrer, murer og maler, i tillegg til å ha tett samarbeid med eit elektrofirma.

Velkommen på laget Engevik VVS og Bygg!

Sjekk ut Engevik VVS og Bygg på mittanbud: https://mittanbud.no/profil/992082/engevik-vvs-og-bygg-as/#overview

Me set stor pris på støtta og ser fram til eit godt samarbeid vidare!