Os A-lag: Øystein Takle Eide x 2

Øystein Takle Eide var ein konstant trussel for Haugesundforsvaret i dagens treningskamp. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy).

Herrelaget til Os møtte i dag Haugesund 2 i treningskamp i Storhallen på Karmøy. Haugesund 2 som også var innlanda i nedrykkstrilleren i 3.div i fjorårets sesong, slo Stord 4-2 førre helg. Unggutta til Haugesund er ballsikre og løpsvillige og Os sine herrer fekk ein god gjennomkøyring.

Dagens treningskamp mot Haugesund 2 blei ein jevn betalje som enda 2-2. Os sine mål var det Øystein Takle Eide som stod for. Dagens målskårer var ein konstant trussel for Haugesundforsvaret og var sjølv godt nøgd med å opne skåringskontoen i 2018.

 ”Det var ein kamp som passa meg og mine styrker godt, så var det sjølvsagt kjekt å skåre igjen.”

Det fyrste målet kom etter innlegg av Sander Kvittingen, der Øystein på vakkert vis vendte med seg ballen forbi ein forsvarer inne i sekstenmeteren og klinisk banka ballen i korthjørna. I følgje nyervervelsen Frode Storebø var det ikkje berre i skåringa Øystein imponerte. Målfeiringa var også av høg klasse.

Fyrste omgang bølgja fram og tilbake i høgt tempo med store sjanser for begge lag. Mikkelsen hadde fyrst ein stor sjanse på gjennomløp, før Øystein heada i krysstanga. I motsatt ende heldt Anders Fossen Lunde buret reint med eit par gode redningar. Ledelsen stod seg til pause.

Rett etter pause var Øystein igjen på hugget. Fyrst vann han ballen frå Haugesund sin stoppar, før han fossa mot mål i høgt tempo. Han prøvde på uselvisk vis å trille ballen på tvers til Christer Olsen, men fekk ballen tilbake og fekk lurt ballen i mål frå nesten død vinkel. Igjen var feiringa av god kvalitet. Nevnte Christer Olsen hadde også ein stor moglegheit når han skaffa seg rom mellom Haugesund sine midtstopparar på eit innlegg og brysta ballen med seg inn i feltet. Men i augneblinken han skulle avslutte åleine med keeper, blir han hekta og får ikkje avslutta skikkeleg. Os og Christer blei kanskje snytt for straffe i den situasjonen.

Ledelsen til Os skulle dessverre ikkje helde seg ut kampen. Haugesund 2 reduserte fyrst etter innlegg på bakerste stolpe, før dei i det aller siste sparket på ballen i kampen utlikna til 2-2. Uansett resultat var det mykje god læring å ta med seg frå dagens kamp og hovudtrenar Karl Kvile var godt nøgd med laginnsatsen.

Neste treningskamp for A-laget er i Vestlandshallen mot Arna-Bjørnar 4.feb!

 

Os sin lagoppstilling i dagens kamp:

Anders Fossen Lunde – Simon Søvik Moberg, Alexander Dale, Divaldo Cardoso, Vegard Skeie – Sander Kvittingen, Marius Mikkelsen, Alexander Tøssebro, Øystein Takle Eide – Steffen Ljosheim, Christer Olsen.

Spelarar med speletid:
Erlend Hevrøy, Trym Hjørnevik, Harry James Moore, Steffen Kvamsdal, Kristoffer Røttingen, Fabian Bødter.