Oppsummering av rundens kamper!

Foto: Odd Løvset, Hordalandsfotballen.

Os dominerte – men tapte lokalderbyet!

I pøsende regnvêr kunne eit stort publikum sjå at Os, til tross for at dei styrte spelet og hadde flest og størst sjanser, gå av Kuventræ-matta utan poeng i lokalderbyet mot Lysekloster på laurdag.

I ein førsteomgang som bølga fram og tilbake var det Lysekloster som viste seg dødelig effektive når dei fekk sjansen. Etter eit ballbrot tok gjestene leiinga i det 22. minutt med eit flott plassert skot.

I 2. omgang handla det meste om Os. Os styrte spelet og produserte fleire store sjanser. Mats Cato Moldskred med fleire andre Os-spelarar var farleg frampå ved fleire anledninger, men Os hadde ikkje dei nødvendige marginene med seg. Om ikkje gjestene sin sisteskanse stod i vegen, var det enten eit Lyskloster-bein som fekk beina ballen unna eller ein Os-spelar som ikkje var dyktig nok i avslutningsøyeblikket.

Etter ein stor dobbeltsjanse ropte så heile Kuventræ på straffe. Biletet nedenfor viser kvifor! Ein kan vel seie at Lysekloster var heldige som fekk fortsette med fullt mannskap – Os blei snytt for straffe!

Os fortsatte å presse på for utlikning, men i det 87.minutt blei vondt til verre. Lysekloster punkterte kampen etter ein kontring og stakk avgårde med alle poenga!

Takk til alle som møtte opp og lagde ein flott ramme rundt kampen til tross for dårleg vêr. Me kjem sterkare tilbake!

Neste kamp er søndag 5.mai mot Vestfossen på bortebane!

Mykje folk på tribunen til tross for dårleg vêr (Foto: Camilla Kvamme)

Os ropte i denne situasjonen på straffe – biletet seier sitt (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy).

Damelaget leverte festfotball!

Foto: Benjamin Søgnen Olsen

I ein forrykande fyrste omgang leverte Os/Nore Neset festfotball og leia 3-0. Det enda til slutt med ein fortent 4-0 siger mot Nordhordland/Eikanger/Kvernbit!

Os/Nore Neset har opna sesongen på strålande vis og leverte ein ny god prestasjon mot Nordhordland/Eikanger/Kvernbit. Andrine Brunvatne Kvittingen, som var eit konstant uromoment for motstanderen gjennom heile kampen, sendte Os/Nore Neset i føringen, før Vy Nguyen og Vilde Drange Veglo også signerte seg i målprotokollen.

Etter ein strålande fyrste omgang blei andre omgang ein transportetappe. Damene hadde god kontroll og trenar Stian Kvåle gjorde ein del bytter på laget, som naturlegvis prega rytmen i kampen. På tampen er Kvittingen igjen på farten. Ho blir felt av keeper, dommar gjev fordel og Hedda Lindbom fastsette sluttresultatet til 4-0.

Os/Nore Neset står dermed med 7 poeng etter dei tre fyrste kampane og deler tabelltopp med Loddefjord.

Neste kamp er laurdag 4.mai kl. 13.00 mot Nymark på Nymark!

Kampfakta:
Os/Nore Neset – Nordhordland/Eikanger/Kvernbit: 4 – 0
1-0: Andrine Brunvatne Kvittingen (Kristine Aasheim)
2-0: Vy Nguyen (Malin Ludvigsen)
3-0: Vilde Drange Veglo (Vy Nguyen)
4-0: Hedda Lindbom (Andrine Brunvatne Kvittingen)

Andrine Brunvatne Kvittingen viste seg fram mot Nordhordland/Eikanger/Kvernbit (Foto: Benjamin Søgnen Olsen)

Os 2: Sjumålsthriller mot Trott!

Niklas Lunde Fosen sette inn 1-0 for Os 2 (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy).

Os 2 og Trott fulgte kvarandre til døra. Dessverre var det Os som måtte bite i det sure eplet når Trott stakk av med alle poenga på tampen av kampen!

Os 2 starta bra. Niklas Lunde Fosen sendte Os i føringa, men det skulle ikkje gå lang tid før Trott utlikna. Fabian Bødtker sendte så Os på nytt i leiinga, men igjen sytte Trott for balanse i reknskapet og 2-2 til pause.

I 2.omgang snur trenden. Trott tok leiinga på ein corner, før det er Os som utlikner til 3-3 med Vegard Ludvigsen. Os er no i støtet og setter enda ein ball i nettet bak Trott-keeperen, men denne gang blei målet annulert for angrep på keeper. I stedet er det Trott som får det fjerde målet på tampen av kampen, som også blei det siste. Trott reiste heim igjen med alle poenga.

Neste kamp for Os 2 er tirsdag 7.mai kl. 19.00 mot Djerv på bortebane.

Heia Os!