Opprykksbonanza i Os Fotball!

A-laget er tilbake i 3.div i 2019!

I helga tok A-laget og Os 2 følge med damelaget og sikra opprykk! Måla er nådd, dei gule Os-toga er framme på opprykksperrongen!

-Fantastisk og over all forventning!

Det har vore ein fantastisk sesong for Os Fotball, noko dagleg leiar, Endre Brenne, er strålande nøgd med.

«Det har vore ein utruleg bra sesong for Os Fotball. At heile tre seniorlag klarer å ta eit steg opp i divisjonssystemet etter årets sesong er fantastisk og over all forventing. Dette gjer klubben til ein betre utviklingsarena med god matching på både dame- og herresida, som er viktig i utviklinga av unge talentfulle osinger», seier Endre Brenne.

Fredag kveld blei det klart at A-laget tek turen tilbake til 3.divisjon etter ein snarvisitt i 4.divisjon. Tabelltoer Lyngbø avga poeng og kunne dermed ikkje lengre frarøve A-laget opprykket på målstreken. Hovudtrenar på A-laget, Tim Henrik Sperrevik, er svært nøgd med at årets målsetning er i boks.

«Det har vore ein viktig målsetning for klubben å kome så fort som mogleg tilbake til 3.divisjon og den målsetningen er no innfridd. Å ta steget opp ein divisjon var også ein målsetning for Os 2 og det er og utruleg kjekt at me klarte det med begge. Det er me veldig fornøyd med» seier Tim Henrik Sperrevik, før han legg til.

«Noko av det eg brenn for og eg synst er utruleg viktig for å oppnå gode resultater, er å bygge ein god garderobekultur og ha tette bånd mellom laga i klubben. Med tette bånd mellom eit A-lag og eit u-lag, får me ei større gruppe som får tilhørighet og eierskap til det me driv med. Det synst eg me har klart å gjere i år og det trur eg gjev utruleg mange poeng i løpet av ein sesong. Me har ein fin garderobekultur og det har vore tette bånd mellom A-laget og Os 2 gjennom heile året. Mange unge har fått sjansen til å vere med A-laget, samtidig som Os 2 har fått god støtte frå A-laget. Det er god læring for våre unge håpefulle å spele med meir etablerte a-spelarar både i trening og kamp, samtidig som det er god læring for a-spelarar å gå fram som eit godt eksempel og hjelpe dei unge opp og fram. Opprykka til A-laget og Os 2 er eit produkt av ein god kollektiv innsats både frå laga og klubben. Alle har jobba i same retning. Det gjev entusiasme og energi, som også smitter nedover på dei aldersbestemte laga i klubben. Smila, entusiasmen og lysten til å bidra er tilbake. Det er godt å sjå». 

I kampen mot Telavåg var det fleire unge osinger som fekk tillit frå start, samtidig som fleire i troppen fekk debutere på A-laget. Dei gjorde alle ein fin figur og hjalp A-laget med å trekke det lengste strået og vinne oppgjeret 5-2. Dette var A-laget sin 17 siger så langt i årets sesong. Mats Cato Moldskred x 2, Christoffer Hafsås x 2 og sist men ikkje minst, debutant Elias Heggland Myrlid, noterte seg i scoringsprotokollen for Os.

Os 2 tok godt vare på matchballen til opprykk på Kuventræ

Os 2 kunne på søndag sikre opprykk til 4.divisjon med siger over tabelltreer Voss på Kuventræ. Med 2-1 siger kunne dei unge osingane sleppe jubelen laus, opprykket er eit faktum. Ein fantastisk prestasjon av rekruttene våre!

Det unge Os 2 laget har gjennom målretta og godt arbeid klart å sikre seg ein av to opprykksplasser frå 5.div avdeling 2. Dei tek følge med Osterøy opp til 4.divisjon. I sin fyrste sesong som seniortrenar og fyrste sesong som trenar i Os Fotball har Martin Eidsvik klart å føre eit ungt Os 2-lag, opp til 4.divisjon. Meir enn godkjent i sin fyrste sesongen ved roret. Eidsvik sjølv gjev all honnør til spelargruppa.

«Det har vore ein fantastisk sesong. Eg og John Ole er utruleg privilegert som har fått ein sånn fin gjeng å jobbe med. Gutta har heilt sidan oppstarten vore utrulege og gjort ein kjempejobb. Det å rykke opp håper og trur me skal gje gutane ein enda betre arena å matches på, samt ein boost i treningsarbeidet. Me er allereie godt i gang med førebu oss på neste år og skal jobbe knallhardt for at det gule toget skal rulle vidare», seier Martin Eidsvik.  

Me gratulerer A-laget og Os 2 med opprykk til 3.div og 4.div. I likhet med Eidsvik håper klubben at dei gule Os-toga fortsett å rulle like godt i 2019. Me ser fram til eit utruleg spennande 2019-sesong på både dame- og herresida!

Heia Os!