Obligatorisk smittevernkurs for ungdomsfotballen

Alle spelarar fra 13 år må gjennom eit smittevernskurs for å få lov til å spele organisert fotball. 

Ungdommane våre må delta på eit online smittevernkurs før dei kan tre den gule drakta over hovudet. Dette for at fotball-Norge saman skal auke medvitet om smittevern og ta eit samfunnsansvar ved å syte for at aktiviteten på fotballbanen er både god og trygg.

E-kurset er delt i to og startar med ein læringsdel før man må bestå ein prøve på fem spørsmål. Man må svare rett på alle spørsmåla for å ha tillatelse til å spele organisert fotball. Det er beregna at kurset og prøven tar omlag 15 minutter å fullføre. Kompetansen blir registrert på fotball.no når personen har gjennomført kurset.

Sjå brukerveileiing her: https://akilles.slides.com/akilles/brukerveiledning-fotballens-koronavettkurs/fullscreen#/6