Nyheit: Os TV er i gang!

 

Me har endeleg fått oppretta eiga TV-kanal i klubben! Os TV vil følgje ulike aktiviteter i klubben, alt frå cuper og arrangement til daglege aktiviteter på Kuventræ.

Her på klubben sine nettsider har Os TV fått eiga lenkje i menyvalget. Her vil nye videosaker bli lagt ut, som også blir synkronisert med Os fotball på facebook. I tillegg har Os TV eiga kanal på youtube.

Sjekk ut video frå «superweekend» i helga på Os TV.

Sjå også måla frå a-laget sine to fyrste treningskamper i vinter mot Øystese og Haugesund 2, på Os TV.

Me tek gjerne i mot tips om arrangement og aktiviteter som er kjekt å dokumentere. Ta kontakt med mediaansvarleg på mail: marius@osfotball.no.

Link til Os TV:

https://www.youtube.com/channel/UCBOZszdQgd0Nm4P45RiBJ7Q?view_as=subscriber

Følg Os Fotball på facebook og held deg oppdatert på aktiviteten i klubben:

https://www.facebook.com/osfotball/