Ny samarbeidspartnar – me køyrer på med Os Bilsenter!

Os Bilsenter AS og Os Fotball gjev gass dei neste tre åra!

Det lokale næringslivet er utruleg viktig for klubben og det er med stor glede me kan ynskjer Os Bilsenter AS velkommen som ny samarbeidspartnar!

«Me er oppteken av å støtte lokalt! Det skjer mykje bra i Os Fotball, og det synest me er kjekt å vere med på», seier dagleg leiar hos Os Bilsenter AS, Daniel Grape om kvifor dei ynskjer å støtte klubben.

Os Bilsenter og Os Fotball har inngått ein avtale som strekkjer seg over tre år. Endre Brenne gler seg stort over å få Os Bilsenter med på laget!

«Det er med stor glede me tek i mot Os Bilsenter som ny samarbeidspartnar. Me har hatt ein veldig god dialog og står for mykje av det same. Det er ein offensiv bedrift i framgang, som er flinke med det dei driv med, samtidig som det oser godt humør av dei ansatte. Me matcher bra og me gler oss til samarbeidet», uttaler dagleg leiar Endre Brenne.

Me gler oss til å gje gass med Os Bilsenter på laget – sjølvsagt innafor fartsgrensene! Velkommen på laget!

Er du på jakt etter ny bil? Sjekk ut Os Bilsenter her: https://osbilsenter.no