Norgeshus Byggmester Kjell Aarvik AS er med på laget i 2018!

Ny sponsor med på laget. Velkommen Norgeshus Byggmester Kjell Aarvik AS. Dagleg leiar i Os Fotball Endre Brenne og dagleg leiar Bjarte Aarvik inngår her i samarbeidet.

Os Fotball er strålande nøgd med den nye sponsoren, Byggmester Kjell Aarvik AS. Me som klubb er avhengig av å spele på lag med lokalnæringa og er difor takksame over at Byggmester Kjell Aarvik AS vil vere med på laget! Lokalnæringa er til stor hjelp for at me kan leggje til rette for eit so bra tilbod som mogleg for våre medlemmar. Dagleg leiar i Byggmester Kjell Aarvik AS, Bjarte Aarvik, er også nøgd med å forlenge samarbeidet med Os Fotball og håper klubben får ein god sesong.

«Det er kjekt å støtte lokalfotballen i Os og veldig spennande å følgje utviklinga i klubben«, seier dagleg leiar Bjarte Aarvik.

Byggmester Kjell Aarvik AS er ein allsidig mesterbedrift med over 30 års erfaring og representerer Norgeshus i Os og Bergen. Dei har sin base i Os og utførar arbeid og prosjekter i heile Hordaland. Dei har solid fagkompetanse og kan tilby alt av tjenester utandørs og innandørs. Dei utførar nybygg og rehabiliterer hus, hytter og garasjer. Alle i bedriften er faglærte og hjelper deg gjennom heile prosessen, frå planlegging til gjennomføring. Du kan lese meir om Byggmester Kjell Aarvik AS på deira heimeside:

http://www.norgeshus.no/forhandlere/ka/

Velkommen på laget!