Nore Neset/Os J15 til kvartfinale i Adidas Cup

Nore Neset/Os J15 kunne juble etter avansement til kvartfinale i Adidas Cup (Foto: Privat).

Nore Neset/Os J15 kunne juble etter at dei på laurdag slo Gneist 3-1 i 1/8-finalen i Adidas Cup, cupen som blir sett på som eit uoffisielt norgesmesterskap i ungdomsfotballen. I kvartfinalen ventar Kongsvinger!

Nore Neset/Os sine J15 spelarar har før avansementet til kvartfinalen slått Nordhordaland 7-0, tapt mot nettopp Gneist 0-1 og tapt 2-6 for fjorårsfinalist Bryne. Dei gjekk vidare frå gruppespelet som ein av dei beste puljetrearane og fekk sjansen til å revansjere seg mot Gneist i 1/8-finalen. Den sjansen tok dei godt vare på. I kvartfinalen møter jentene Kongsvinger, men tidspunkt og sted er enda ikkje bestemt.

Me gratulerer jentene så mykje med avansementet og ynskjer dei lukke til i kvartfinalen mot Kongsvinger!