Nore Neset / Os J15 til finalen i Norway Cup!

Finaleklare jenter frå Os! (Foto: Nore Neset Idrettslag).

Nore Neset / Os sine jenter er klare for finale i Norway Cup!

Nore Neset/ Os J15 har imponert på Ekebergsletta denne veka med fint spel, enorm innsats og sprudlande målfeiringar. Det har brakt jentene heilt til finalen i verdas største fotballturnering for barn og ungdom – og det utan å sleppe inn eit einaste mål!

Jentene har overbevist mange på vegen mot finalen. Dei suste gjennom gruppespelet med tre sigrar og 22 – 0 i målforskjell, før IL Bjørn kom til kort i 1/8-dels finalen og blei feid av banen med 8-0. I kvartfinalen tidlegare i dag blei det ein jamnare affære mot ein av førhandsfavorittane, Gjelleråsen, laget jentene frå Os måtte sjå seg slått av i bronsefinalen i fjorårets turnering. Etter ein strålande kamp fekk jentene revansje når dei trekte det lengste strået, og vann kampen 1-0 etter scoring av Vilde Drange Veglo. I semifinalen venta Kolbotn. Jentene makta å gjenskape dei gode prestasjonane og vann semifinalen 3-0.

Nore Neset / Os J15 er dermed klar for finale i morgon! Finalemotstanderen er Stabæk og kampen startar kl. 12:40. Finalen blir vist direkte på TV2. Me gratulerer jentene frå Nore Neset / Os med finaleplassen, og sender dei mange lykkeønskningar før morgondagen!

Me kjem tilbake med meir nyheiter frå dei andre Os-laga si ferd i Norway Cup etter kvart.

Heia Os!

Jentene frå Nore Neset/Os har imponert med stor innsats, fint spel og sprudlande målfeiringar under Norway Cup! (Foto: Midtsiden).