Nora imponerte på trening i Chelsea

Nora Blindheim Nøss var i haustferien ei av to jenter frå Norge som fekk trena med storklubben Chelsea sitt U-14 lag. Nora, som fyller 13 år i haust, imponerte på trening med dei ett år eldre jentene i Londonklubben.

I midten av april blei det klart at Os Fotball, i likhet med fleire andre lokale klubber, starta eit samarbeidsprosjekt med initiativtaker Sandviken om ein ny satsing på kvinnefotball på Vestlandet. Bakgrunnen til den nye satsinga er å kvalitetssikre og styrke arbeidet rundt kvinnefotball i dei lokale klubbane, slik at talenta kan ha ein god utviklingsarena hos sine representative klubber lengst mogleg. Gjennom dette samarbeidet opna det seg i haustferien ein moglegheit til to av dei største talenta i Hordaland på jentesida, Nora B. Nøss frå Os Fotball og to år eldre Mathilde Sangolt frå Sotra Fotball, å reise på eit treningsopphald med Chelsea Football Club!

Dagleg leiar i Os Fotball Endre Brenne, som også er trenar for Nora på Os G13 og på klubben sitt akademi, var i likhet med pappa Robert Nøss og toppspelarutviklar i Sandviken, Øyvind Nordtveit, med til London for å følge treningsopphaldet. Endre Brenne og Øyvind Nordtveit er full av lovvord om det unge talentet frå Os.

«Det var veldig kjekt å sjå at Nora takla denne settingen utruleg godt. Ho var seg sjølv, spelte utan frykt og nerver og gjorde det veldig bra gjennom heile treningsopphaldet», seier Endre Brenne før han fortsett.

«I tillegg til å ha gode indivuduelle og relasjonelle ferdigheiter, er Nora energisk og tøff, samtidig som ho har stor treningsvilje, er audmjuk og lærevillig. Om ho held den same driven og treningsiveren vidare, så kan Nora nå veldig langt». 

Toppspelarutvikler i Sandviken var svært imponert over Nora Nøss (Foto: Robert Nøss).

Øyvind Nordveit er toppspelarutvikler i Sandviken og har tidligare vore trenar for toppserielaget til Sandviken. Han har også vore trenar for herrelaget til Os Fotball tidligare. Nordtveit har lang erfaring og har trent mange flinke jenter, men lot seg imponere stort over Nora.

Til tross for at Nora var eit år yngre enn dei andre Chelsea-jentene, synast Nordveit at Nora mildt sagt klarte seg bra. Han synst ho i tillegg til å vere flink med ball, viste svært god speleforståing. Nordtveit betrakter Nora som ei av dei største talenta, om ikkje det største talentet han har sett.

Nordveit forteller vidare at det ikkje er lett å få slike innpass hos storklubbane lengre. Han er glad Nora og Mathilde har fått denne moglegheiten gjennom Sandviken sitt nettverk og han trur begge jentene har hatt godt utbyte av treningsopphaldet hos Chelsea FC.

Nora og Mathilde møtte Chelsea-spelarane Maren Mjelde og Maria Thorisdorrir (Foto: Robert Nøss).

Dei unge talenta fekk også møte dei norske spelarane i Chelsea FC Women, Maren Mjelde og Maria Thorisdottir. Nora forteller at dei norske landslagsjentene tok seg god tid, fortalte om kvardagen sin i Chelsea og livet som profesjonell fotballspelar, før dei fekk signerte sko og drakter. I løpet av veka fekk dei også vere tilskodarar til ei trening til West Ham Women.

Nora seier sjølv at treningsopphaldet gav veldig meirsmak, at det var inspirerande og at ho no har enda meir lyst til å bli fotballproff!

Os Fotball gler seg til å følge utviklinga! Stå på vidare Nora!

Dei unge talenta fekk sjå West Ham trene (Foto: Robert Nøss).

(Foto: Robert Nøss).

Chelsea FC hadde gode fasiliteter på treningsarenaen (Foto: Robert Nøss).

Samling på Chelsea U-14 trening. Nora Nøss i kvit overdel (Foto: Robert Nøss).