No startar FFO-en og Akademiet igjen!

Det er snart oppstart for våre populære tilbod; Telenor Xtra fotballfritidsordning (FFO) og Os Fotball Akademiet! Slik melder du på ditt born!

Os Fotball er stolt over å ynskje velkommen til Telenor Xtra FFO og Os Fotball Akademiet som er tilbod for born og unge etter skuletid. Telenor Xtra FFO er for jenter og gutar i 2. – 7.klasse, medan Os Fotball Akademiet er for jenter og gutar i 8. – 10. klasse.

På FFO er det lagt til rette for leksehjelp, fellesmåltid før og etter trening, samt ein fotballtrening med engasjerte og flinke fotballtrenarar. På FFO er det tilbod for 2. – 3 klasse tysdag og torsdag og 4.- 7 klasse måndag og onsdag. På treningsfeltet arbeidar trenarane aktivt med å legge tilrette for mestring for alle! For å lese meir og melde bornet ditt på FFO klikk her: https://www.superinvite.no/#/invitation/a47072176bca825aadacf648034e124b

I Os Fotball Akademiet får alle deltakere måltid før og etter trening, samt fotballtrening med utdanna fotballtrenarar. Dette er eit tilbod for dei som ynskjer å trene meir og få gode innputt ved sidan av fellestrening med eige lag. Gjennom akademiet får ein tilbod om morgontreninger på onsdager, samt ettermiddagsøkt fredag og søndag, i tillegg til sosiale samlinger og innslag av kompetanse frå andre idretter og ressurspersoner frå forbund og krets. Les meir og meld bornet ditt på Os Fotball Akademiet her: https://www.superinvite.no/#/invitation/154f596a0e4aec4cf23ee4b76ae3d34a

Spørsmål vedrørande FFO ta kontakt med Marius Mikkelsen på marius@osfotball.no og ved spørsmål vedrørande Akademiet ta kontakt med Endre Brenne på endre@osfotball.no

Me gler oss til mykje god aktivitet for born og unge på Kuventræ i skuleåret 2019/2020!

Velkommen til Telenor Xtra FFO og Os Fotball Akademiet!