Mykje spennande aktivitet ut året!

(Foto: Hordalandsfotball)

Det er mykje spennande som skjer for store og små fram mot jul. Her kjem ei kort samanfatning!

Jentefotballdagen 2019

Tid: 27.oktober kl. 13.30 – 18.00
Målgruppe: Alle jenter mellom 10 – 15 år
Følg peikaren for påmelding: (Frist for påmelding er 24.oktober) https://docs.google.com/forms/d/e/1FAIpQLScjxrERcEpn2fvFIDlRbTdxIFc0LOXrPZazpnePTn1vcra60Q/viewform

Alle fotballjenter i alderen 10-15 år i Os Kommune er invitert til gratis jentefotballdag på Kuventræ sundag 27.oktober kl. 13.30 – 18.00! På dette arrangementet blir det trening, fart og moro med trenarar/spelarar frå Toppserielaget Sandviken, god mat og drikke, og moglegheiter til å bli inspirert og betre kjent med profilar på Os/Nore Neset sitt damelag når alle heiar dei fram i deira siste heimekamp for sesongen!

Program for dagen:

13.30: Oppmøte og registrering ved klubbhuset på Kuventræ
13.45 – 15.15: Treningsøkt
15.20 – 15.50: Mat og drikke i klubbhuset
16.00 . 17:45: Damekamp 3.div Os – Sotra

Midtsiden cup 9. november

Påmelding: (frist 3.november) https://www.midtsiden.no/midtsidencup-2019-med-bankett-og-bedriftsklasse

Laurdag 9.november er aktive og amatører velkommen til gatecup på Kuventræ! På årets gatecup er det blant anna eigen bedriftsklasse. Me oppmodar alle samarbeidspartnarane våre til å bli med og avgjere kva bedrift som er best på fotballbana!

SPV Futsalcup 29. – 30. november (13 – 16 år)

Sjå informasjon:

Meld på lag til Sparebanken Vest futsal- og badecup 29.-30. november!

100 års jubileum for Os Fotball i Oseana

Tid: fredag 6.desember

Fotballgruppa markerer 100 års jubileum med fotballgalla i Oseana fredag 6.desember! Her er alle medlemmer, frivillige, samarbeidspartnarar og fotballvenner gjennom 100 år velkommen! Meir informasjon om arrangementet kjem i neste veke. Hald av kvelden, det blir stor stas!

 

Nissefest for barnefotballen 6 – 12 år

Det blir nissefest for alle i barnefotballen 6 – 12 år i desember. Me kjem tilbake med dato!

 

Os Fotball Telenor Xtra FFO

Det er framleis ledige plasser på vår populære fotballfritidsordning for 2.-7.klasse. Les meir om tilbodet og informasjon om påmelding ved å klikke på lenka under. Spørsmål kan rettast til Marius Mikkelsen på marius@osfotball.no. Velkommen i FFO-familien!

VELKOMMEN TIL OS FOTBALL TELENOR XTRA FFO 2019/2020

SPV Akademiet

SPV Akademiet er eit ekstratilbod til treningsvillig ungdom i alderen 8 – 10. klasse. Les meir om tilbodet og informasjon om påmelding på lenka under:

Bli med på Os Fotball Akademiet!

Velkommen til mykje spennande aktivitet!