Montér er med vidare!

Os Fotball er glade for å melde at vår mangeårige samarbeidspartner, Montér Os, er med vidare.

Drøymer du om nytt kjøkken, eller om å bygge ny garasje i sommar? Kanskje det er på tide med nytt tak eller nye dører? Montér Os kan hjelpe deg med alt til ditt nye byggeprosjekt; om det er kjøkken, garasje, hus eller hytte – frå planlegging til gjennomføring! Montér Os har blant anna i vinter vore behjelpelege med materiale og maling til det nye mediehuset på Kuventræ!

I tillegg til å vere behjelpelege med ulike prosjekt i klubben, vil alle medlemmane våre fortsette å få gode rabattar hos Montér Os!

Me ser fram til vidare samarbeid!

Besøk dei på https://www.monter.no