Midtsiden Cup 2019 laurdag 9.november!

Foto: Kjetil Vasby Bruarøy

Laurdag 9.november inviterer Os Fotball og Midtsiden til Midtsiden Cup 2019 på Kuventræ! Skrap saman eit vennelag, snør på deg fotballskoa og bli med på fotballcup! Dette blir artig!

På årets Midtsiden cup er det fem klassar; dame-, mix-, herrer elite, herrer amatør og bedriftsklasse. Det blir kamper på 2 x 12 minutter på 7er-bane med puljespel og sluttspel. Uavhengig av klasse kan alle lag ha mellom sju til femten påmeldte spelarar. Etter cupen blir det lagt opp til storslått bankett (meir informasjon om bankett kjem).

Dameklasse:
– Ein kan maksimalt ha fire aktive på laget. Har du spelt offisielle kampar i 2019, to kamper eller meir i serie eller NM, tel du som aktiv (gjeld også aldersbestemte lag)

Mixklasse: 
– Ein kan maksimalt ha med to aktive på laget. Har du spelt offisiell kamp i 2019, tel du som aktiv (gjeld også veteran, gute- og juniorspelarar).
– Ein startar kampen med mål i mot for kvar aktiv ein har med, feks 0 – 1, 0 – 2.
– Laget må til ein kvar tid ha to damer på bana.

Bedrift (Mix): Er de Os si beste bedrift?
Me oppmodar alle samarbeidspartnarane våre å bli med å kåre Os si beste fotballbedrift! 
– Alle spelarane må ha fått løn eller honorarer frå bedrifta i 2019, eller vere gift/sambuar med ein tilsett i firmaet.
– Det må alltid vere to damar på bana til ein kvar tid.
– Den tilsette kan ikkje ta med eigne born, nieser eller nevøar.
– Kommunetilsette som stiller lag må arbeide på same avdeling. Det er ikkje lov å toppe lag med tilsette frå ulike skular eller liknande (søk om disp til å ta med utanforståande om du manglar spelarar til å stille lag).

Herrer elite:
– Ingen begrensinger på tal aktive spelarar.

Herrer amatør:
– Alle lag kan ha med to aktive spelarar. Ein er aktiv om ein har spelt to eller fleire offisielle kamper i 2019 (gjeld også veteran, gute- og juniorspelarar).
– Laget får mål i mot for alle aktive spelarar.

Påmelding:

Påmelding: send namn på lag og klasse, samt namn og telefonnummer på lagleiar på epost til kjetil@midtsiden.no 

Påmeldingsfrist: Søndag 3.november.
Aldersgrense: Jenter 15 år (fødd 2004), gutar 16 år (fødd i 2003).
Fem klassar: Damer, herrar amatør, herrar elite, mix (amatør) og bedrift (mix).
Pris: 2500,- per lag.
Betalingsfrist og frist for sending av spelarliste: Måndag 4.november.
Betaling: Os Fotball konto 3633. 59. 99023 (merk med namn på laget).

Velkommen til Midtsiden Cup 2019!