Midtbanespelar klar for Os Fotball

Kristian Hjelvik Halvorsen har signert for Os Fotball. Det er den nye hovudtrenaren hans veldig godt nøgd med.

Kristian Hjelvik Halvorsen (21 år) flytta i august frå Ålesund til Bergen for å studere. Det fekk herrelagstrenar Endre Brenne nyss i og inviterte sunnmøringen til Os på trening. Det angrer han ikkje på i dag. Frå fyrste stund imponerte midtbanespelaren stort og det er difor med stor glede me no kan presentere Halvorsen som ny Os-spelar.

«Me er veldig glade for å få Kristian til Kuventræ og Os! Trass ung alder har han allereie lang fartstid frå både 2 og 3.divisjon i Herd og Brattvåg. Kristian er ein klassespelar på dette nivået med veldig gode ferdigheiter, god venstrefot og stor løpskapasitet. I tillegg er han ambisiøs og veldig treningsvillig, noko som passer godt inn i profilen til klubben!», seier ein tydeleg nøgd hovudtrenar.  

Kristian har tidligare spela i Herd, Brattvåg og Spjelkavik. I 2017 var han med å slå sine ferske lagkamerater med Herd på Kuventræ. Frå no av skal han strø pasninger for riktig lag på Kuventræ.

Kva som gjorde at du valgte å komme til Os Fotball?

«Os er ein klubb med ambisjoner, ei veldig fin spelargruppe med god kvalitet, i tillegg til eit meget bra trenarteam og støtteapperat, som eg trur kan utvikle meg vidare som spelar», seier nysigneringen før han legg til.

«Eg har også blitt teke godt i mot og det har vore lett å komme inn i gruppa. Det er ein veldig fin gjeng både sosialt og ute på feltet, så eg trives veldig godt»

Sunnmøringen omtaler seg sjølv som ein spelar med godt blikk for spelet, bra løpskapasitet og ein dødelig venstrefot. Det kan nok Os sine målvakter bekrefte. Om det blir sesong i år eller om me må vente til 2021 for å sjå Halvorsen debutere i Os-drakt er enda uvisst. Når det omsider blir klarsignal er ambisjonane til nysigneringen klare.

«Mine personlege ambisjoner er å gjere det så bra at det kan hjelpe klubben høgare enn 3.divisjon»

Det likar me å høyre! Velkommen til Os Fotball, Kristian!

Navn: Kristian Hjellvik Halvorsen
Alder: 21 år
Tidligare klubber: Herd, Brattvåg og Spjelkavik
Posisjon: Midtbane
Yrke/skule: Studerer historie ved Universitet i Bergen