MELD DEG PÅ OS FOTBALL AKADEMIET 2018/2019!

Spelarutviklar i klubben, Ørjan Sandal, er ein av fleire trenarar som er ansvarlege for planlegging og gjennomføring av treningar på Os Fotball Akademiet 2018/2019 (Foto: Andris Hamre).

Os Fotball har gleda av meddele at me starter opp igjen med fotballakademi for 7. – 10. klassinger i skuleåret 2018/2019! Dette er ein forlenging av klubbens FFO og er eit ekstra tilbod til dei som er ivrig og motivert for å trene ekstra. Tilbodet skal vere eit supplement til lagsøkter og ikkje ein erstatning til disse øktene.

Vekeplan:

  • To økter i veka:
    Tirsdag: Morgonøkt ute/inne frå 06:45 – 07:55. Frukost etter trening.
    Fredag: Ettermiddagsøkt frå 14:45 – 16:20. Mat før trening og restitusjonsmåltid etter trening.
  • Helgesamlinger: Tre utvalde helger i året med to økter + teori.
  • Enkelte økter vil utgå til fordel for teori. Her vil me benytte oss av ressurspersoner frå krets, forbund og Norges idrettsforbund.

Fokusområder:

  • Core/skadeforebyggande trening på alle økter.
  • Speed/agility trening på alle økter.
  • «Decision-making». Kva gjer me før, med og etter ball?
  • 1 vs 1 ferdigheit.
  • Pasningsferdigheit.
  • Videoanalyse.

Me vil strebe etter å sette mest mogleg av aktiviteten i ein kontekst med spel – motspel og utfordre kvar enkelt på å behandle ballen raskt med begrensa tid og rom. Tempo og aggressivitet blir nøkkelord under heile akademiperioden og me vil stille store krav til tilstedeværelse og fokus på treningane. Fotballspelet skal utøves med innleving og energi.

I løpet av akademiperioden vil alle deltakarar få tilbod om å delta på ein cup med tilpassa nivå. Utvelgelse og påmelding til dette kjem undervegs.

Ansvarleg for planlegging og gjennomføring av øktene er Endre Brenne, Ørjan Sandal, Martin Eidsvik og Marius Mikkelsen.

Diverse informasjon:

Henting:
Me tilbyr henting til fredagøkta (etter skuletid), som også er inkludert i prisen. Me henter på skulane Os, Søre Neset, Søfteland og Lysekloster.
Transport til og frå morgonøkta på tirsdag må ein organisere sjølv.

Utstyr:
Alle deltakarane får utlevert utstyrspakke like etter oppstart (shorts og genser).

Priser og påmelding:

  • Ein dag i veka (tirsdag eller fredag): 500 kr pr. mnd.
    To dager i veka (tirsdag og fredag): 800 kr pr. mnd
  • Bindande påmelding med ein måned oppsigelsestid.
  • Påmelding sendes til dagleg leiar Endre Brenne på endre@osfotball.no. Merk påmeldinga med:
    namn, klassetrinn, skule og telefon.
  • Faktura blir sendt på mail i starten av kvar måned.
  • Halv faktura i august og juni, ellers vanleg faktura.

Før oppstart vil me samle alle spelarar og foreldre til eit informasjonsmøte der me gjennomgår månedsplaner, forberedelser og premisser for å delta.

Om det er noko du lurer på, ta kontakt med Endre Brenne på mail endre@osfotball.no eller tlf. 907 24 338.

Det er 40 ledige plasser, så det er fyrstemann til mølla. Me håper mange hiv seg med!

Velkommen til Os Fotball Akademiet 2018/2019!