Me ynskjer 2013-kullet velkommen til fotballstart!

Os Fotball ynskjer alle jenter og gutar i 2013-kullet velkommen til fotballstart!

Fredag 18.januar kl.16.00 – 17.00 inviterer me til oppstartstrening for 2013-kullet i den nye Oshallen (bane 3) på Kuventræ! Dette blir fast treningstid for 2013-kullet fram til påske. FFO-ansvarleg Marius Mikkelsen og/eller A-lagstrenar og dagleg leiar, Endre Brenne, vil gjennomføre oppstartstreninga. På denne treninga er målet mestring og fotballglede!

Me håper å sjå mange nye ivrige fotballspirer i 2019!

Til informasjon er det viktig at alle nytter innesko i den nye Oshallen, om ein er spelar eller vaksen. Ein må bytte sko før ein kjem inn i hallen. Me håper alle respekterer det.

Velkommen til fotballstart i Os Fotball!