Me gjentar suksessen, ny «SUPERLAURDAG» 13. januar!

Spelarutviklar Ørjan Sandal gjev rettleiing. (Foto: Andris Hamre)

Os fotball vil i 2018 tilby ekstra trening til dei som ynskjer å trene meir.

«Denne fyrste økta blei brukt til å sette spelarane inn i nye øvingar og moment me skal jobbe med framover. Etter kvart vil me gå meir i djupna på kva me vil den enkelte spelaren skal lære seg», seiar spelarutviklar Ørjan Sandal.

Laurdag blei fyrste «superlaurdag» holdt av Ørjan Sandal og Endre Brenne på Kuventræ. Heile 60 lærevillige og ivrige ungdomar fødd mellom 2002 – 2005 møtte opp til ei god økt i sola.

Dei blei instruerte i nye øvingar med høgt tempo på små flater. Spelarutviklar Sandal synest spelarane på laurdagens økt var lydhøre og lærevillige. Han ser også forbetringspotensiale når det gjeld evna til konsentrasjon, kvalitet og oppfatting, samanlikna med korleis spelarar på denne alderen trenar i utlandet. Han påpeiker at det skal dei jobbe med, og så lenge spelarane er positive og har eit ynskje om å utvikle seg, ser Sandal lyst på tida framover.

«Har spelarar eit ynskje om å leggje mykje ned i det for å utvikle seg mest mogleg, skal me verkeleg gje dei ein moglegheit til å ta nye store skritt», seiar Sandal.

«SUPERLAURDAG» 13. Januar

Laurdag 13. Januar frå kl. 13.00 til 15.00 blir det eit nytt treningstilbod for dei som ynskjer. Hovudansvarleg for treninga er Ørjan Sandal. I følgje Sandal vil det bli stilt enda høgare krav til kvar enkelt spelar på denne treninga.

«Hensikta med desse treningane er å ta spelarutvikling til eit nytt nivå, ved å gjere unge, treningsivrige spelarar bevisst på kva konsentrasjon og kvalitet i treninga har å seie for treningsutbyte», seiar Sandal. 

Han meiner norsk spelarutvikling har enorme skritt å ta i forhold til dei beste landa i verda når det kjem til spelarutvikling, men at slike treningstilbod er eit skritt i riktig retning som ein ynskjer å gje våre ivrigaste fotballspelarar. Mykje trening med kvalitet og konsentrasjon er det som skal til for å nå langt med fotballen. Å lære seg å tenke fotball, i forhold til persepsjon, kroppsstilling, bevegelser og utføring, med og utan ball, er noko dei som trenarar skal gje spelarane moglegheit til å innarbeide, slik at dei kan få ei maksimal utvikling.

«Ein er på utviklingstrening for utvikling. Då må ein vere tilstades i både kropp og sinn. Har ein vore tilstades med god konsentrasjon og kvalitet, kan ein gå heim og vite at ein har blitt ein litt betre fotballspelar etter denne økta. Gjer ein dette kvar gang, då kjem resultata», avsluttar Sandal engasjert. 

Det blir ingen påmelding til treninga, ein møter på Kuventræ 15 minutter før start.

Vel møtt til ei ny økt med god treningskvalitet!