Mats Cato Moldskred legg fotballskoa på hylla

Mats Cato Moldskred i returen til Os i 2014 (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy, Midtsiden).

I 2003 debuterte Mats Cato Moldskred for A-laget til Os Fotball. 17 år og mange gyldne øyeblikk seinare legg vetarenen fotballskoa på hylla!

«Det er ei tid for alt, og no kjentes det naturleg og riktig å legge fotballskoa på hylla. Når eg ser tilbake så skulle eg sjølvsagt ha gjort meir for å komme lenger, men eg er nøgd med at eg gjennom fotballen har fått oppleve mykje og fått halde på med det eg liker. Framover vil eg dyrke litt andre interesser, gjere litt ulike ting og fokusere på arbeid og studier», seier Mats Cato Moldskred som studerer musikk og jobbar som brannmann på Askøy.

Mats Cato debuterte på A-laget som 17 åring i 2003, før han blei henta av Fana kort tid etter. Han var tilbake i gul drakt i 2007-sesongen før det bar vidare til Løv-Ham i Adeccoligaen. Etter to sesonger på Varden flytta Mats Cato til Jæren for å spele for Bryne på same nivå. Han spelte for Bryne i 2010 og 2011, før han var klar for nye utfordringer.

(Mats Cato tilbake i Os i 2007 etter eit opphald i Fana (Foto: Vidar Langeland, BA)

Denne gang bar det til Sverige for å spele for IK Brage i Superrettan, som er Sveriges nest høgaste nivå. Han gjorde sine saker bra i Sverige og blei som i Løv-Ham kåra til årets spelar. Det gjekk ikkje like bra for IK Brage som rykka ned i 2013 som førte til annullering av kontrakten til osingen eit år før tida. Det førte han heim igjen til Kuventræ i 2014, noko dåverande sportslig leiar, Lars Bakkerud, uttrykka stor begeistring for.

«Rent sportslig er det ingen tvil – han kommer til å bli en attraksjon i 3. divisjon. Han er unorsk i stilen med fart og god teknikk. Han har fine ferdigheter, driblinger og avslutninger – rett og slett mye som mange fotballspillere skulle ønske seg», sa Bakkerud til BA den gang.

Det blei med ein snarvisitt tilbake på Kuventræ for det tok ikkje lang tid før Kongsvinger meldte sin interesse for angriparen. Mats Cato spelte haustsesongen for Kongsvinger som da befant seg i 2.divisjon. I sesongen som fulgte var han sterkt delaktig i at Kongsvinger rykka opp til OBOS-ligaen når han blei toppskårer med 21 mål på 29 kampar.

I 2016 fortsatte Kongsvinger og Mats Cato å levere gode resultat i OBOS-ligaen og tok seg sensasjonelt til cupfinale mot Rosenborg. Mats Cato putta 5 mål i OBOS-ligaen den påfølgande sesongen, før han valde å returnere til Os i 2018 til tross for at han var sterkt ynskja med vidare i Kongsvinger.

Kva har vore høgdepunkta i karrieren?

«Eit av høgdepunkta må vere når me kom til cupfinalen med Kongsvinger i 2016. Det var utruleg kjekt å oppleve sjølv om eg var skadd og ikkje kunne spele i finalen. Opprykket til OBOS-ligaen med Kongsvinger heng også høgt. Det har også vore gjevt å bli kåra til årets spelar i fleire av klubbane eg har spelt i», mimrer han før han legg til,

«Eg er også veldig glad i å bli kjent med nye menneske og plassar, så eg har alltid likt å signere for nye klubbar».

Mats Cato hadde opprinneleg eitt år igjen av kontrakten med Os Fotball, men etter dialog med klubben blei partane einige om å terminere kontrakten.

«Me takkar Mats Cato for fine år og mange gyldne øyeblikk i gult og svart på Kuventræ. Han har nokre ekstreme kvalitetar på banen og har vore ein humørspreiar i gruppa, så det er sjølvsagt kjedeleg at me mister ein spelar som han. Han har hatt ein lang og flott karriere og me har respekt for valet hans om å legge skoa på hylla og prioritere annleis framover. Me ynskjer han lukke til vidare», seier hovudtrenar og dagleg leiar Endre Brenne


(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy, Midtsiden).
(Foto: Odd Løvset, Hordalandsfotball).
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy, Midtsiden)
(Foto: Hordalandsfotball).
(Foto: Benjamin Søgnen Olsen, Os & Fusaposten)