100-års markering med barnas dag på Kuventræ!

Det var mange gøye aktivitetar og breie smil på markeringen av 100-års jubileet for fotballgruppa med «Barnas Dag» på Kuventræ! (Bilete: Os og Fusaposten & Midtsiden).

Laurdag markerte Os Fotball 100-års jubileum med ei rekkje artige aktiviteter for born og unge!

Gøye aktiviteter og breie smil på barnas dag

Etter eit vellukka arrangement i fjor, inviterte klubben igjen til storslått fotballfest for born og unge med «barnas dag»! Med blant anna aktivitetane hoppeslott, boblefotball, skot-radar, hurtighetsradar og ansiktsmåling, var det breie smil og stort aktivitetsnivå på Kuventræ!

Medan born og unge fekk utløp for energi på barnas dag, var samarbeidspartnarar og øvrige fotballvenar invitert til markering av jubileet på klubbhuset. På klubbhuset blei ein ynskja velkommen med nokre ord frå styreleiar Leiv Gunnar Heggland, før dagleg leiar og A-lagstrenar, Endre Brenne, fortalte om inngangen til herrelaget sin kamp mot Fjøra. På ein slik dag var det også på sin plass med ei flott jubileumskake! Kaka blei levert av REMA 1000 Kuven Stasjon!

Albert og Nora blei tildelt pris frå Kurt Monsens minnefond

Albert Haugland Kristiansen og Nora Blindheim Nøss blei tildelt pris frå Kurt Monsens minnefond. Davy Wathne stod for utdelinga. Søster til Albert, Vilde, mottok prisen på vegne av broren (Foto: Midtsiden)

Etterfulgt av barnas dag var det også gratis inngang på herrekampen mot Fjøra. Tusen takk til næringslivet som sponsa arrangementet «barnas dag» og inngangen til herrekampen med x-antall kr per tilskodar.

Undervegs i herrekampen blei det delt ut pris frå Kurt Monsens minnefond. Kurt Monsen har tidligare gjeve 100 000 kr til Os Turn i eit fond der avkastninga skulle gå til unge fotballtalent med gode haldningar. I år var det Nora Blindheim Nøss (snart 14 år) og Albert Haugland Kristiansen (18 år) som fekk pris frå minnefondet! Davy Wathne delte ut prisane i pausen.

Nora Blindheim Nøss spelar for gutar 14, eldre jentelag og krinslag. I vår blei ho i tillegg teke ut til Equinor Talentleir, som er steget før ein byrjar med aldersbestemte landslag. Albert er framadstormade, engasjert og lovande dommar, som dømmer på høgt nasjonalt nivå. Juryen seiar følgjande om prisvinnarane.

«Nora har ei herleg blanding av teknikk, raske tyngdeoverføringar og energi i spelet sitt. Ho er uredd og går knallhardt til i alle duellar, sjølv om motstandarane gjerne er både eitt og to hovud høgare».

«Albert er aktiv på nasjonalt nivå som assistentdommar i både Toppserien for damer og Post Nord-ligaen for herrar. I tillegg til eiga karriere som dommar har han teke på seg vervet som dommaransvarleg i Os Fotball, ein jobb han utfører på ein fabelaktig måte!»

Skuffande herrekamp

(Foto: Midtsiden)

Festen var allereie godt i gang, men til tross for ei fantastisk ramme med 100-års markering, mange tilskodarar og fint vêr, blei det dessverre ikkje den avslutninga på jubileumsmarkeringa som alle hadde håpa på. Os Fotball baud opp til dans, men herrelaget imponerte ingen på dansegulvet. Fjøra fekk med seg alle poenga heim til Sogndal!

I det 15.min glapp Os-forsvaret i markeringa på ein dødball og då lot ikkje Fjøra-spelaren seg be to ganger, 0 – 1 til gjestane. Ein verst tenkeleg start for Os-mannskapet som var skrekkeleg klar over kontringsstyrken til sogningane. Fjøra la seg djupt, komprimerte romma og gjorde det vanskeleg for Os som brukte alt for lang tid med ballen. Ved eit par anledningar makta Os å skru opp tempoet og då blei det småfarleg. Spesielt når dei kom rundt på høgresida med eit par gode innlegg frå Anders Havsgård. Dessverre var ikkje siktet til blant anna Marius Mikkelsen fininnstilt og det svikta i avslutningane. Os sin største sjanse kom like før kvilen etter innlegg av Andreas Støle-Hansen på venstresida. Torgeir Lunde kom seg fri i feltet og bredsida mot mål, men Fjøra-keeper hang med på notane og stoppa avslutninga før Steffen Kvamsdal fekk moglegheit på retur frå 5-6 meter. Omlag samtlege på Kuventræ trudde utlikninga var eit faktum, men Fjøra-keeper varta opp med ein utruleg dobbeltredning på strek, til osingane sin store skuffelse. Det skulle altså vise seg å bli den dagen.

I andre omgang blei nemleg vondt til verre. Fjøra kontra inn 0-2 i det 54.minutt og 0-3 i det 77.min. Ydmykelsen var komplett. Os makta aldri å sette Fjøra på skikkeleg prøve, samtidig som Fjøra viste Os effektiv kontringsfotball! Fjøra fekk dermed med seg tre kjærkomne poeng med seg heim til saftbygda til stor skuffelse for alle i Os-leiren!

Neste kamp for herrelaget er laurdag 12.oktober mot Stord kl. 13.00 på Vikahaugane! Kan Os slå tilbake og ta ein ny sterk bortsiger? Me krysser fingrane!