Malin Ludvigsen er klar for Arna-Bjørnar!

Malin Ludvigsen jubler her for mål på damelaget i vår. (Foto: Benjamin Søgnen Olsen)

Denne veka blei det klart at midtbanetalentet Malin Ludvigsen er klar for toppserieklubben Arna-Bjørnar! Etter å ha vore ein framtredende spelar for Os/Nore Neset J17 og damelaget i lengre tid er Malin no klar for nye utfordringer. Damelagstrenar Stian Kvåle er full av lovord om midtbanetalentet og ynskjer ho lukke til.

«Fyrst og fremst vil eg gratulere Malin – det er utruleg kjekt og fortent at ho har blitt lagt merke til! Malin er dedikert, treningsvillig og målbevisst! Ho har vore villig til å legge ned ein ekstra treningsinnsats for å nå måla sine, som har gjort at ho har prestert godt over lang tid. Ho har vore ein sterk bidragsyter på både J17 og damelaget og var blant anna viktig for opprykket til damelaget i fjor. Lukke til i Arna-Bjørnar!», seier damelagstrenar Stian Kvåle. 

Lukke til i Arna-Bjørnar, Malin!