Målfest på østlandet!

Foto: Odd Løvset, Hordalandsfotballen

Herrelaget satte i helga kursen over fjellet for å måle krefter mot Vestfossen. Det resulterte i målfest, Os-jubel og 3 poeng med heim i bagasjen!

Grunna streiken i SAS var det knytta spenning til om det blei buss eller fly over fjellet til helgas kamp for herrelaget. Ettersom partene i konflikten kom til enighet i siste liten kunne Os-gutta reise som planlagt til Gardemoen sundag morgon.

Turen gjekk så til Vestfossen, eit tettsted i Øvre Eiker, like utenfor Drammen. Gutta var førebudd på ein tøff batalje på ein utfordrande grasbane mot eit heimelag som var sulten på å samle årets fyrste poeng. Synd for Vestfossen, hadde ikkje Os-mannskapet tenkt å reise tomhendte heim igjen!

Allereie 1.minutt ut i kampen låg ballen i nettet bak Vestfossen sin sisteskanse til stor jubel i Os-leiren. Mats Cato Moldskred fekk æren av å bredside ballen i mål etter eit fint forarbeid av Roger Ekeland. Kort tid etter fekk Moldskred ein ny sjanse på ope mål etter ein strålande kontring der midtstopper Carlos Mendes tok turen opp i angrep. Mendes serverte Moldskred framfor mål, men ballen humpa i avslutningsøyeblikket og ballen smalt i tverrligger og ned på strek. Dommertrioen vinka spelet vidare til protester frå Moldskred. Uheldigvis for Moldskred og Os er det ikkje mållinjeteknologi i Norsk Tipping-ligaen.

Midtveis i omgangen skulle det derimot komme mål i dobbel dose for Os. I det 22.minutt var det Ekeland sin tur å teikne seg på måltavla når han auka til 0-2 etter målgivende av Marius Mikkelsen, før rollene var snudd minuttet etter når Mikkelsen auka til 0-3. Os virka no å ha full kontroll, men ut av ingenting fekk Vestfossen tildelt straffe etter ein visitt i Os sitt straffefelt. Vestfossen reduserte til 1-3 i det 29.minutt, men gleden blei kortvarig for heimelaget.

Fem minutter seinere var Moldskred på pletten igjen. Etter pasning frå Frode Storebø tok Moldskred i mot ballen med nesa vendt vekk frå mål og fleire forsvararar i rygg. Med eit frekt hælspark blei Moldskred tomålsscorer og Os gjekk til pause med ein komfortabel 1-4 leiing.

2.omgang skulle vise seg å bli minst like underhaldande som den fyrste. I det 54.minutt tente Vestfossen eit lite håp når eit skot frå 18 meter sneik seg inn bak Chris Sunde Midthun i Os-målet. Det tok ikkje lang tid før Os og Roger Ekeland svarte på reduseringa. Moldskred betalte Ekeland tilbake for forarbeidet før 0-1 scoringa og Roger kunne uhindra bende ballen i krysset frå straffemerket til 2-5.

Vestfossen hadde ikkje tenkt å gje seg. Kort tid etter svikter konsentrasjonen ørlite hos osingane og Vestfossen utnytta det til det fulle. 3-5 var eit faktum i det 61.minutt etter fine kombinasjoner på venstresida. Vestfossen hadde nok ein gang fått blod på tann! I det Vestfossen jakta ein ny redusering for å ha eit håp om poeng, dukka ein nådeløs Fabian Bødtker opp og slukka håpet. Bødtker auka til 3-6 i det 70.minutt etter nok ein målgjevande av Ekeland, før han på vakkert vis klinka ballen i nærmaste kryss med sin svakaste fot til 3-7 i det 76.minutt. Denne gang etter eit strålande forarbeid av Rafael Villen.

Det kunne fort blitt fleire Os-mål på tampen, men målfesten enda med 3-7 og tre poeng med heim til Os! Herrelaget står dermed med full pott på bortebane i årets sesong med ein målforskjell på 12-4. No gjenstår det å gjenskape dette på Kuventræ!

Laurdag kl. 16.00 gjester Erik Huseklepp og Fyllingsdalen Kuventræ! Vel møtt og hjelp laget til årets fyrste heimepoeng!

Kampfakta:
Vestfossen – Os: 3-7
0-1: Mats Cato Moldskred (Roger Ekeland)
0-2: Roger Ekeland (Marius Mikkelsen)
0-3: Marius Mikkelsen (Roger Ekeland)
1-4: Mats Cato Moldskred (Frode Storebø)
2-5: Roger Ekeland (Mats Cato Moldskred)
3-6: Fabian Bødtker (Roger Ekeland)
3-7: Fabian Bødtker (Rafael Villen)

Heia Os!